Faglært Tømrer
Byggmeister Tore Hovland AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søker dyktig tømrer til fast stilling!
Om oss
Byggmeister Tore Hovland AS er eit solid tømrarfirma med røter tilbake til 1978 – og med blikket retta framover. Me leverer kvalitet gjennom heile byggeprosessen, og størstedelen av prosjekta våre finn du i Sogndal og omegn.
Som ein allsidig og erfaren aktør tek me på oss alt frå spennande nybygg og tilbygg til krevjande rehabiliteringsoppdrag og effektiv elementproduksjon. Hos oss får kundane skreddarsydde løysingar – og du blir del av eit miljø som set fagstoltheit, samarbeid og godt humør høgt.
Me er opptekne av å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette, får utvikle seg og kan bidra med sine styrkar. Her blir du ein viktig del av laget frå dag éin.
Arbeidsoppgåver
Som tømrar hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med både innvendige og utvendige oppgåver på ulike typar prosjekt. Du vil møte utfordringar og faglege moglegheiter kvar einaste dag, som bidreg til å utvikle deg vidare i faget. Arbeidet vil variere frå rehabilitering og ombygging til tilbygg og nybygg.
Du vil òg vere ein viktig del av verksemda sitt HMS- og KS-arbeid og bidra til at arbeidet blir utført trygt, effektivt og med høg kvalitet.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som tømrar
Førarkort i klasse B/BE
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Har sterk fagleg stoltheit
Er nøyaktig, sjølvstendig og kvalitetsbevist
Er positiv, serviceinnstilt og løysingsorientert
Er påliteleg, ansvarsbevisst og ryddig
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Kommuniserer godt med andre og bidreg til gode relasjonar
Me tilbyr
Fast tilsetjing
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Godt og sterkt fagmiljø med dyktige handverkarar
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetanseheving
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6854 Kaupanger
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
tømrer, fast stilling, fagbrev
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439873870
- Sist endret
