Digital produktsjef
Lerum AS
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Digital produktsjef - for merkevarene Lerum og ZERoh!
Lerum er leiande leverandør av saft og syltetøy i Noreg. Sidan 1907 har Lerum safta og sylta i Sogn, og framleis er verksemda 100 % eigd av familien Lerum. Lerum har dei siste åra fått fleire bransjeutmerkingar for arbeidet sitt med å skape vekst med merkevarene Lerum og ZERoh! Dei siste åra har Lerum blitt eit nordisk konsern etter etableringar også i Sverige og Finland.
I 2024 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på ca. 869 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum sitt hovudkontor ligg i Saftbygda i Sogn. Vårt sals- og marknadskontor ligg sentralt i Asker.
------------------------------------------------------------------------------------------------
Etter fleire år med stor vekst i både Noreg, Sverige og Finland styrker vi no satsinga ytterlegare med ei spennande nyoppretta rolle i vår marknadsavdeling.
Digital produktsjef - for merkevarene Lerum og ZERoh!
Vårt kompetente og hyggelege sals- og marknadsavdeling skal no forsterkast med ein ressurs med eit brennande engasjement for merkevarebygging i digitale flater.
Som digital produktsjef må du vere nysgjerrig og gå analytisk til verks for å identifisere trendar og moglegheiter som kan styrke våre to merkevarer Lerum og ZERoh! med relevant og engasjerande innhald på ulike digitale flater i fleire land. Du vil forvalte verdifull innsikt som skal styrke våre merkevarestrategiar og auke treffsikkerheita til våre innovasjonar.
Du vil jobbe tett med eit kontaktnett av både interne premissgivarar, contentutviklarar, samarbeidspartnarar og influensarar. Du er engasjert, sjølvgåande og kommersielt orientert. For å passa inn i vårt samansveisa team bør du ha fagleg stoltheit, men ikkje ta deg sjølv for høgtidleg. Du må trivast i eit miljø med mykje latter der ein kan by på seg sjølv.
Vi ser for oss at du har marknadsbakgrunn frå eit større DV-selskap, alternativt eit byrå med høg digital kompetanse innanfor FMCG/DV.
Arbeidsstad er på vårt sals- og marknadskontor i Asker, eller på vårt hovudkontor på Kaupanger i Sogn. Stillinga inngår i vår marknadsavdeling, og rapporterer til marknadsdirektør.
Kvalifikasjonar
- Brennande engasjement for merkevarebygging i sosiale media
- Erfaring med merkevarebygging i daglegvaremarknaden
- God på samarbeid og evne til å koordinere med mange kontaktar både internt og eksternt
- Relevant høgare utdanning
- Strukturert og god på både planlegging og gjennomføring
- God estetisk sans
- Godt humør
Det er ein fordel, men ikkje eit krav om du også
- Meistrar både nynorsk og bokmål
- Har god forståing for svensk kultur og språk
- Er glad i mat og drikke
Ansvarsområde:
- Analysere og identifisere moglegheiter på digitale flater som kan styrke våre merkevarer
- Utvikle og gjennomføre posteplanar i alle våre marknader
- Utvikle content/innhald med hjelp frå eksterne samarbeidspartar
- Følgje opp og utvikle eit nettverk av merkevareambassadørar / influensarar
- Aktivt jobbe på våre SOME-flater for å auke engasjement, dekning og antal følgjarar
- Innhaldsleverandør til våre nettsider
- Tileigne seg innsikt som gjer nye innovasjonsprosjekt meir treffsikre
- Vere marknadsavdelinga sin representant i våre innovasjonsprosjekt
Vi kan tilby deg:
- Å bli ein del av ei verksemd i stadig vekst og utvikling
- Eit spennande fagmiljø med høg kompetanse
- Ei sentral rolle i ei spennande og utviklingsorientert familieverksemd
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsfrist: 04.01.2026
Tilsettingsform: Fast
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med HR-leiar Mathias Grehl 45134554, eller marknadsdirektør Ronny Solvik 90757557.
BEREKRAFT SIDAN 1907
«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn – kjærleik til frukt og bær.
Ta vare på – Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og Lokalsamfunnet
FerdigheterAI-generert
- Datadrevet markedsføring
- FMCG
- Sektor: Privat
- Sted: Bleikerveien 17, 1387 Asker
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Design, Markedsfører, PR og informasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
produktsjef, merkevare, marked, social media, influenser
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440337888
- Sist endret