Salgskoordinator
Alsaker Fjordbruk AS
- Frist 19.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Alsaker Fjordbruk søkjer Salgskoordinator
Me styrker vårt salgsteam og søkjer no etter
Salgskoordinator
I stillinga som salgskoordinator vert du ein viktig brikke i vårt salg av Alsaker-laksen.
Me ser etter ein kundeorientert person, med gode kremmareigenskapar. I jobben som salgskoordinator er du framoverlent, og du likar hektiske og varierte dagar.
Arbeidsoppgåvene består primært av oppfølging av salgsordrar, logistikk, og salg til våre kundar.
Den rette personen må difor ha relevant utdanning og erfaring frå salg- og marknadsarbeid. Du arbeidar systematisk og målretta, har god talforståing og IT kunnskapar. Norsk og engelsk er arbeidsspråk.
Arbeidsstaden er på Onarheim i Tysnes kommune.
Arbeidsområde:
Delta i slakteplanlegging og salg til våre kundar
Kredittovervåking
Logistikk og dokumenthandtering
Statistikk, benchmarking og rapportering
Reklamasjonsarbeid
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Kremmareigenskapar /god økonomisk forståing
Relevant utdanning, og/eller erfaring frå salg- og marknadsarbeid
Gode IT-kunnskapar
Strukturert, målretta og systematisk
Me kan tilby:
Jobb i eit av dei leiande norske konserna for oppdrett av laks
Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø i ein spennande bransje
Konkurransedyktige vilkår
Stillinga vil føre til noko reiseaktivitet.
Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å skaffa bustad.
Vil du bli vår nye kollega?
Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjonsforvaltning
- Gjennomføre aktivt salg
- Kredittkontroll
- Logistikk
- Rapportering
- Statistikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Produktsalg, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salg, sjømatnæringen, havbruk, laks, markedsføring
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435368896
- Sist endret