Visningsvert
Engesund Fiskeoppdrett AS
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bli vår Havbruksvert – mat, båt og magiske møter med fisk og folk
Engesund Fiskeoppdrett AS søker Visningsvertar
Søknadsfrist: 18.01.2026
Oppstart: Så tidleg som mogleg – men me tilpassar etter rett kandidat
Stillingar:
· 100% vikariat
· 50% vikariat
Begge vikariata varer i litt over eitt år – og for rett person er det mogleg for vidare arbeid hos oss.
Me lyser ut to vikariat i same stilling: eit 100% vikariat og eit 50% vikariat.
Det er mogleg å søke på ein av stillingane eller på ein kombinasjon dersom ynskeleg.
Bli vår Havbruksvert – mat, båt og magiske møter med fisk og folk
Hos Engesund Fiskeoppdrett AS får du sjansen til å jobbe midt i hjarta av kysten vår. Visningssenteret tek årleg imot rundt 4000 gjester, og me har ambisjonar om å vekse vidare. Me tilbyr opplevingar av høg kvalitet, med både guida turar, matservering og innsikt i ein moderne og framtidsretta havbruksnæring.
På visningsflåten vår finn du ei triveleg kafé og restaurant som serverer smakfull mat laga på eigen fisk og lokale råvarer. Som visningsvert blir du eit av dei viktigaste ansikta utad – og ein nøkkelperson i å gi gjestane ei oppleving dei vil hugse.
Arbeidsoppgåver
Ta imot og guide gjester frå heile verda
Formidle kunnskap om havbruk
Tillaging av mat, servering, rydding og vask
Utføre administrative oppgåver som booking, e-post, marknadsføring og utvikling av visningskonseptet
Variert arbeid både ute på sjøen og inne på kontor
Helge- og kveldsarbeid førekomer innimellom
Kven passar stillinga for?
Me ser etter deg som:
Har gode forteljarevner og likar å formidle
Er serviceinnstilt, sosial og fleksibel
Snakkar godt norsk og engelsk
Er sjølvgåande og trivst også når det er litt hektisk
Har god orden og bidrar til hygieniske rutinar
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du har:
Erfaring frå reiseliv eller undervisning
Kjennskap til akvakultur
Interesse for matlaging
Kunnskap om marknadsføring
Erfaring med båtkøyring
Relevante kurs/sertifikat (t.d. D5L, passasjer- og krisehandtering)
Me tilbyr
Ein unik arbeidsplass i fantastisk kystmiljø
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
Moglegheit til å påverke innhald og utvikling av visningssenteret
Betalte relevante kurs og sertifikat (t.d. D5L, sikkerheitskurs m.m.)
Delvis fleksibel arbeidstid
Gode lønns- og forsikringsvilkår
Om oss
Engesund Fiskeoppdrett AS er eit oppdrettsselskap som produserer 4-5000 tonn aure og laks kvart år. Med hovudkontor i Fitjar kommune. Selskapet starta i 1987, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund. Mottakslokalet/resepsjon for Visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret ligg ute i Fitjarøyane.
Visningssenteret er ein sentral del av verksemda til Engesund Fiskeoppdrett, og er viktig for både drifta og for kommunen Fitjar. Det er blitt eit flott opplevingssenter innan både reiseliv og undervisning. På visningssenteret er målet å formidle faktabasert kunnskap om oppdrettsnæringa gjennom guida turar for alle gjestar som kjem. Selskapet er stadig under utvikling basert på ny teknologi, både i drifta og på visninga.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen til e-post: post@engesund.no
Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar
Karina Bunes, e-post: karina@engesund.no tlf. 948 67 131 eller personalansvarleg
Lars Heine Kåsa, e-post: lars-heine@engesund.no tlf. 982 66 744
Ferdigheter
- Engasjert
- Skrive email
- Utadvendt person
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: fitjarsjøen 2, 5419 Fitjar
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Museer, gallerier og kulturminne, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Servitør, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
fiskeoppdrett, matlaging, båt, guide, reiseliv
Visningssenteret med skuleklasse besøk. (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442384115
- Sist endret
