Inaktiv
Digital markedsfører
Polaris Media Vest AS
- Frist 07.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Medierådgjevar – Salsorientert og kundedriven
Vikariat – 1 år | Stord
Vi søkjer ein offensiv medierådgjevar som brenn for sal og gode kundeløysingar! Du tek initiativ, bygger relasjonar og trivst med å skape resultat. Hovudoppgåva di blir å selje annonser og utvikle smarte, kommersielle løysingar for både nye og eksisterande kundar. Innhaldsproduksjon inngår ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Aktivt sal av annonser og kommersielle løysingar til nye og eksisterande kundar
- Proaktiv kundedialog gjennom møtebooking, kundemøte og tett oppfølging
- Rådgjeving basert på innsikt, behovsanalyse og gode medietilbod
- Utarbeiding av løysingsforslag, presentasjonar og salspakkar
- Bidra med enklare innhaldsproduksjon (tekst/bilete) til innhaldsannonsar ved behov
- Oppfølging og evaluering av kampanjar
Kven er du?
- Du har eit sterkt salsfokus og trivst med mål, resultat og høgt tempo
- Du er trygg i møte med kundar og god til å byggje relasjonar
- Du har kommersiell teft og evne til å forstå kva kundane treng
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og finn løysingar der andre ser utfordringar
- Erfaring frå sal, marknadsføring eller mediebransjen er ein stor fordel
- Gode skriveevner og interesse for innhald er ønskjeleg, men hovudfokuset ditt er sal
Vi tilbyr
- Ei rolle der du får stort ansvar, mykje kundekontakt og rom for å lykkast
- Moglegheit til å jobbe med sterke lokale merkevarer og eit breitt produktunivers
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstad: Stord
Søknadsfrist: 07.01.2025
FerdigheterAI-generert
AI-generert
- Salgserfaring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Borggata 15, 5417 Stord
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Salg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441408858
- Sist endret


