Anleggsleder/Prosjektleder
- Søknadsfrist Snarest
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Har du erfaring med prosjekt-/anleggsledelse?
Vil du ha ansvar – og vere med og byggje vidare?
Me søkjer anleggs-/prosjektleiar
Me ynskjer å styrka administrasjonen med ein dyktig og engasjert anleggs-/prosjektleiar.
Hjå oss får du ei sentral rolle med ansvar for prosjekt frå tidleg fase til ferdigstilling. Du får ein variert arbeidskvardag der du vekslar mellom kalkyle og planlegging, prosjektleiing og oppfølging ute på byggeplass.
Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å finne gode løysingar og som ynskjer å bidra – både fagleg og sosialt.
Ei stilling med variasjon og ansvarSom anleggs-/prosjektleiar vil du mellom anna arbeide med:
Kalkulasjon og utarbeiding av anbod
Prosjektering og planlegging
Oppfølging og prosjektstøtte
Leiing og oppfølging på byggeplass
Ansvar for kvalitet, miljø, økonomi og HMS
Dialog og oppfølging av kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar
Du vil få moglegheit til å følgje prosjekta tett og påverke korleis dei blir gjennomførte.
Kven er du?Me trur du vil trivast hjå oss dersom du:
Har utdanning frå fagskule eller høgare nivå. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
Har erfaring frå anleggsleiing og prosjektstyring
Har god forståing for økonomi, framdrift og gjennomføring av prosjekt
Har god IKT-kompetanse. Erfaring med Gemini terreng er ein fordel
Arbeider strukturert og sjølvstendig, men samtidig trivst godt i lag med andre
Er løysingsorientert og ser moglegheiter framfor problem
Er positiv, imøtekommande og flink til å kommunisere
Me er meir opptekne av kva du kan og kva du ynskjer å bidra med, enn at du kan krysse av på absolutt alle punkta.
Kvifor skal du velje oss?Hjå oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheita til å bli ein viktig del av laget.
Me tilbyr:
Ein variert og spanande arbeidskvardag
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Stor grad av ansvar og tillit
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dyktige og trivelege kollegaer
Ei verksemd som ynskjer å utvikle seg, der du kan vere med og påverke vegen vidare
Me meiner dei beste prosjekta blir skapte når folk samarbeider, tek ansvar og finn gode løysingar saman. Hjå oss skal det vera rom for å ta ansvar, kome med idear, spørje om hjelp og ikkje minst, ha det kjekt på jobb.
Er du klar for nye utfordringar og ynskjer å bli ein del av laget vårt?
Då vil me gjerne høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir om stillinga eller oss som arbeidsgivar.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Jordalen Entreprenør AS er eit maskinentreprenørfirma med i overkant av 20 tilsette.
Me driv allsidig anleggsarbeid med særleg vekt på utføring av kommunaltekniske anlegg og vegbygging.
Basen vår er i Liahagen på Voss og det naturlege marknadsområdet vårt er i Voss og omegn.
- Sted: Liavegen 33, 5705 Voss
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Bygge- og anleggsteknikk, Prosjektledelse
Nøkkelord
bygg og anlegg, anleggsleder, prosjektansvarlig, prosjektleder, ingeniør
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476428411
- Sist endret:
- Org.nr.: 975930017Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


