Sekretær
- Søknadsfrist 1.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Sekretær, 100% vikariat
Sekretær
Me har ledig vikariat i 100% stilling, 1 år med moglegheit for forlenging/fast, som helsesekretær/sekretær ved Voss DPS NKS Bjørkeli.
Poliklinikken ved Voss DPS består av totalt 30 stillingar, fordelt på ein allmennpoliklinikk med gruppeteam og rehabiliteringspoliklinikk i flotte, moderne lokale. Som sekretær hjå oss får du tre andre sekretær-kollegaer, der den eine er kontorleiar. I tillegg blir du del av eit større fellesskap med eit breitt utval av yrkesgrupper; psykologar, legar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og musikkterapeut. Me har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom oss. Pasientane våre er hovudsakleg i frivillig behandling, men me har også pasientar underlagt tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald, og pasientar som er på dom til tvungent psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
Kontoreininga er bindeleddet i det tverrfaglege samarbeidet gjennom koordinering og administrering av pasientforløp
Kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar. Svært mykje av dette føregår via telefon.
Ekspedisjonsoppgåver
Daglege arbeidsoppgåver i DIPS Arena.
Bestilling av pasienttransport
Bestilling av tolk
Timeavtalar og ymse andre oppgåver i DIPS for behandlarar
Delegerte ekstraoppgåver frå kontorleiar
Ha medansvar for eigen læring og fagutvikling
Kvalifikasjonar
Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær eller anna tilsvarande
Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Me ynskjer oss
God IKT-kunnskap
Fordel med erfaring med DIPS Arena og Elements
Lagspelar med gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig
Nøyaktig og strukturert
Serviceinnstilt og ansvarsbevisst
Arbeidsam og må trivast i eit aktivt og travelt miljø
God evne til forståing og omstilling
Endringsvillig
Opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Ein triveleg arbeidskvardag med gode kolleger
Varierte arbeidsoppgåver (telefon, lukefunksjon, brukarstøtte m.m.)
Arbeidstid frå 08.00-15.30 mandag til fredag
Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
Moglegheit for fagutvikling
Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst
God pensjonsordning (KLP)
Me vurderer søknadar og intervju fortløpande
Søknadar vil bli vurderte fortløpande, og aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju før søknadsfristen er ute. Stillinga kan bli besett før fristens utløp, så vi oppmodar interesserte om å søkje så snart som mogleg.
Me opererer ikkje med offentleg søkerliste.
Ferdigheter
- Norsk
- Resepsjonsarbeid på sykehus eller legekontor
- Sekretariat
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av Sanitetskvinnene Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Kontor og administrasjon, Sekretær
Nøkkelord
dips arena, voss dps
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476379675
- Sist endret:
- Org.nr.: 916270097Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

