FINNJobbSøkVestlandSunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver
Nav logo
Nav
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Controller med driftsoppgåver

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Førde
  • Søknadsfrist 28.09.2026
  • Arbeidsspråk Norsk, Norsk
  • Sektor Offentlig
  • Årslønn 639 000 - 694 000 kr

Kortversjonen

Controller- og driftsoppgaver ved Nav hjelpemiddelsentral i Førde. Økonomistyring, analyse, rapportering og eiendomsforvaltning.

Kvalifikasjoner

  • Bachelorgrad innen økonomi, administrasjon, regnskap, revisjon eller tilsvarende
  • God kompetanse på Excel og andre digitale verktøy
  • Godt norsk, både muntlig og skriftlig
  • Ønskelig med 2-3 års erfaring innen økonomi- og virksomhetsstyring, analyse eller rapportering
  • Ønskelig med erfaring fra offentlig virksomhet

Hva vi tilbyr

  • Fleksitidsordning og mulighet for trening i arbeidstiden
  • Stilling som rådgiver eller seniorrådgiver
  • Lønn fra kr 639 000 til kr 694 000 per år
  • Gode ordninger i Statens pensjonskasse
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Controller med driftsoppgåver

Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda.
Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov.

Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling.

Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg.


Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 37 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane.

Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv.

Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.

Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking. Gjennom tett tverrfagleg samarbeid bistår vi brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgiving, opplæring og tilrettelegging som gjer kvardagen enklare for mange menneske.


Arbeidsoppgåver


  • Bidra til økonomistyring, budsjettoppfølging, analysearbeid og utarbeiding av styringsinformasjon
  • Utarbeide rapportar og grunnlag for leiaravgjerd
  • Følgje opp eigedomsrelaterte oppgåver og koordinere driftsaktivitetar
  • Drive utviklings- og forbetringsarbeid for å sikre gode arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting
  • Vere ein fagleg ressurs og rådgjevar for leiargruppa innan økonomi, HR, drift og verksemdsutvikling
  • Utføre administrative og driftsrelaterte oppgåver etter behov


Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde.
  • God kompetanse på Excel og andre digitale verktøy.
  • Godt norsk, både munnleg og skriftleg.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Minst 2-3 års erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid
  • erfaring frå offentleg verksemd

Personlige eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert og analytisk
  • har ein proaktiv arbeidsstil og evne til raskt å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver
  • er løysingsorientert
  • arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver
  • har god verksemdsforståing og evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å byggje tillit og gode relasjonar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss, får du:

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag
  • Engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Moglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingar
  • Tilsetting som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn frå kr 639000 til kr 694 000 per år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse

Ferdigheter
AI-generert

  • Analysere data
  • Boligforvaltning
  • Business Process Improvement
  • Ledelserapportering
  • Microsoft Excel
  • Økonomistyring
  • Utarbeidelse av ledelsesrapporter

Om arbeidsgiveren

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

  • Sted: Steinavegen 12, 6800 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Controller

Spørsmål om stillingen

BS

Bente Solheim

Controller

40 70 28 14Kopier telefonnummer 40 70 28 14
FH

Frode Hovland

Avdelingsdirektør

48 10 88 28Kopier telefonnummer 48 10 88 28

Firmaets beliggenhet

Steinavegen 12, 6800 Førde

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen

7143 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Nav logo

Nav

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Interessert i å jobbe med IT?
  • NAV på LinkedIN
Les mer om oss

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475965452
  • Sist endret: 9.9.2026, 19:20
  • Org.nr.: 889640782Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse