FINNJobbSøkVestlandKinn
Bilde fra arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Kunderådgjevar personmarknad

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Florø
  • Søknadsfrist 23.9.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Rådgivning innen sparing, lån og forsikring, samt oppfølging og videreutvikling av egen kundeportefølje i Florø.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring fra bank, finans, forsikring eller annen relevant rådgivning
  • Høyere utdanning og autorisasjon som finansiell rådgiver er en fordel
  • Må kunne fremlegge vandelsattest ved tilbud om stilling

Hva vi tilbyr

  • Bli medeier i banken med tildeling av egenkapitalbevis første året
  • Gunstig spareprogram i egenkapitalbevis
  • Gunstig funksjonærlån og gode betingelser på sparing og forsikring
  • Tilgang til bankens hytter og leiligheter
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du jobbe tett på kundane og vere ein rådgjevar som folk stolar på?

Likar du å finne gode løysingar, skape relasjonar og hjelpe kundar til å få tryggleik og oversikt i økonomien sin? Då kan dette vere stillinga for deg.

Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.

No ser vi etter ein ny kollega til kontoret vårt i Florø.

Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og byggjer relasjonar som varer.

Du tek over ei etablert kundeportefølje, men dette er ikkje stillinga for deg som berre vil forvalte. Vi ønsker ein rådgjevar som ser moglegheiter, bygger relasjonar og bidreg til at endå fleire vel SpareBank 1 Sogn og Fjordane som banken sin.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån og forsikring

  • Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje

  • Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar

  • Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar

  • Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen

Kjenner du deg igjen i dette?

Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i møtet med kundane.

Samtidig trivst du med å ta initiativ, bygge nettverk og skape nye moglegheiter. Du likar å vere ute blant kundane og ser verdien av å utvikle både relasjonar og forretning over tid.

Vi trur du har erfaring frå bank, finans, forsikring eller anna relevant rådgjeving. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare.

Difor skal du søke hos oss 

Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi. Hos oss kan du utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks. 

Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettebetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.

Banksjef Ole Aukland svarar gjerne på spørsmåla dine om du lurer på noko.

Arbeidsstad: Florø

Søknadsfrist: 23. september

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.

Søkjarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.

Ferdigheter
AI-generert

  • Finansiell og økonomisk rådgivning
  • Forsikringsrådgivning

  • Sted: Strandgata 45, 6900 Florø
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Økonomi og regnskap, Rådgivning

Nøkkelord

Rådgivning, Bank, Lån, Sparing, Økonomi

Spørsmål om stillingen

OA

Ole Aukland

Banksjef

93 23 26 05Kopier telefonnummer 93 23 26 05

Firmaets beliggenhet

Strandgata 45, 6900 Florø

Kart
Søknadsfrist: 8 dager igjen

135 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Bli kjent med nokre av oss
  • Om banken
Kvifor jobbe hos oss?

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475529909
  • Sist endret: 14.9.2026, 10:31
  • Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse