Kunderådgjevar personmarknad
- Søknadsfrist 30.9.2026
- Sektor Privat
Vi treng deg som gjev gode råd og har god kundeteft
Det viktigaste for oss er kundane våre , og at dei får gode råd når dei treng det.
Vi ser etter ein rådgjevar som tar initiativ, skapar relasjonar, finn gode løysingar og er ein viktig støttespelar for kundane gjennom ulike fasar i livet.
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane er vi tett på kundane våre. Vi kjenner menneska, næringslivet og lokalsamfunna vi er ein del av. Det gir oss eit godt utgangspunkt for å gi råd som betyr noko i kvardagen til folk.
No ser vi etter ein ny kollega til kontoret vårt i Førde. Der blir du del av eit sterkt og breitt fagmiljø med rundt 180 tilsette på huset.
Som kunderådgjevar tek du over ei etablert kundeportefølje som du skal vidareutvikle. Vi ønsker ein rådgjevar som bidreg til at endå fleire vel SpareBank 1 Sogn og Fjordane som banken sin.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån og forsikring
Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje
Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar
Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar
Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen
Dette ser vi etter
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i møtet med kundane.
Samtidig trivst du med å ta initiativ, bygge nettverk og skape nye moglegheiter. Du likar å vere ute blant kundane og ser verdien av å utvikle både relasjonar og forretning over tid.
Det er ein fordel at du har erfaring frå bank, finans, forsikring eller anna relevant rådgjeving. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare.
Difor skal du søke hos oss
Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi. Hos oss kan du utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks.
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettebetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Banksjef Cathia Baarøy svarar gjerne på spørsmåla dine om du lurer på noko.
Søknadsfrist: 30. September
Vi ser gjennom søknadar kontinuerleg, så ikkje vent med å søke!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.
Søkjarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Økonomi og regnskap, Rådgivning
Nøkkelord
Rådgjevning, Bank, Økonomi, Finansiering, Lån
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476105469
- Sist endret:
- Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)





