Elektriker / Automatiker
Nortura SA
- Søknadsfrist 23.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og sikre drift og vidareutvikling av eit moderne produksjonsanlegg?
På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny teknikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman byggjer laget som skal møte framtidas utfordringar.
Om teknisk avdeling
Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med høg kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du mellom anna kjølemaskinistar, automasjonsteknikarar, industrimekanikarar, elektrikarar, røyrleggjarar og sveisarar.
Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av produksjonsutstyr og tekniske anlegg
- Feilsøking og reparasjon innan mekanikk og automasjon
- Deltaking i forbetringsarbeid og utviklingsprosjekt
- Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø
Vi ser etter deg som har
- Teknisk utdanning (fagbrev som industrimekanikar, automasjonsteknikar, bilmekanikar eller liknande)
- Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner
- Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg
- Førarkort klasse B
Vi kan tilby
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
- Kantine og treningsrom
- Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd
Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs.
Søknader vurderes fortløpende.
Ferdigheter AI-generert
- Betjene maskinelt produksjonsutstyr
- Bruk av data som arbeidsverktøy
- Diagnose og feilsøking av elektriske og elektroniske komponenter
- Hygienekurs kjøkkenpersonalet
- Maskinvedlikehold (prosessindustri)
- Reparasjon av mekanisk utstyr
- Vedlikehold og reparasjon av kontrollsystemer
(1/5)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Holtemyrane 6, 6800 Førde
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Teknisk personell, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
drift, vedlikehold, feilsøking, produksjon, fagmiljø
Annonseinformasjon
- FINN-kode 470566960
- Sist endret





