Sesongarbeidere
Nortura SA
- Frist 9.8.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du over 18 år og klar for ein arbeidsperiode med høgt tempo, gode kollegaer og full opplæring?
Hos Nortura Førde treng vi ekstra folk i ein travel og viktig sesong. Dette kan vere ei fin moglegheit for deg som vil prøve noko nytt, få arbeidserfaring og bidra til norsk matproduksjon.
Kva går jobben ut på?
Frå slutten av august til rundt 1. november har Nortura Førde ein av årets mest hektiske periodar. I løpet av sesongen skal vi ta imot og handtere store mengder sau og lam, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra der det trengst.
Arbeidsoppgåvene kan vere innan slakteområde, fjøs, skjering, pakking, salgshall, logistikk eller andre delar av produksjonen. Du treng ikkje å ha gjort dette før vi gir deg opplæringa du treng for å kome trygt i gang.
Vi ser etter deg som:
- er over 18 år
- møter presis og er til å stole på
- trivst med fysisk arbeid og likar å ta i eit tak
- samarbeider godt med andre
- kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- er positiv, nysgjerrig og klar for å lære
Det viktigaste for oss er ikkje kva du kan frå før, men at du har god arbeidsinnstilling og lyst til å bidra i teamet.
Hos oss blir du ein del av eit miljø der folk hjelper kvarandre, og der du får praktisk erfaring du kan ta med deg vidare.
Dette får du hos oss:
- ein praktisk og aktiv jobb i ein viktig del av norsk matproduksjon
- full opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- god arbeidserfaring du kan bruke vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt tempo og godt samhald
- tariffløn
- tilgang til kantine, medlemsbutikk og trimrom
Høyrdest dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad og fortel kort kven du er, når du kan jobbe og kvifor du har lyst på sesongjobb hos Nortura Førde.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge.
Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.
- Sektor: Samvirke
- Antall stillinger: 10
- Sted: Holtemyrane 6, 6800 Førde
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager, Produksjon
Nøkkelord
Produksjon, mat, dyrevelferd, logistikk, pakking
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468124746
- Sist endret


