Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

Seksjonsleiar

Helse Førde

  • Søknadsfrist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Seksjonsleiar - senter for kliniske fagsystem

Helse Førde søkjer seksjonsleiar med rett kompetanse og engasjement for å leie og vidareutvikle vår seksjon for kliniske fagsystem.

Seksjonen har eit samla systemansvar for kliniske fagsystem som inngår i elektronisk pasientjournal. Seksjonen samarbeider tett med systemeigar/fagdirektør og ivaretek forvaltning av kliniske fagsystem i samarbeid mellom helseforetaka i Helse Vest og HVIKT. Seksjonen har også ansvar for pakkeforløp kreft og pakkeforløp hjem.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg leiaransvar for fag, økonomi og personal i seksjonen
  • Forvalte, planlegge og organisere føretaket sine oppgåver knytt til kliniske fagsystem
  • Systemansvar, vedlikehald og vidareutvikling av kliniske fagsystem i tråd med regional styringsstruktur for digitalisering
  • Utvikle og innføre nye elektroniske meldingar mot eksterne samhandlingspartar.
  • Pakkeforløp kreft skal, i tett samarbeid med behandlingsansvarleg lege, sikre eit godt koordinert forløp i alle ledd og vere sjukehusets kontaktpunkt mot pasient, fastlege og andre helseføretak.
  • Samarbeide med andre einingar lokalt og regionalt
  • Delta i leiargruppa i Fag og utviklingsavdelinga
  • Delta i lokale og regionale nettverk, prosjekt mv.
  • Andre oppgåver i seksjonen etter behov

Kvalifikasjonar

  • Utdanning minimum på bachelornivå, gjerne innanfor helsefag og/eller IKT-kompetanse.
  • God kjennskap til relevant lovverk, forskrifter og retningslinjer.
  • Leiarerfaring og/eller erfaring med å leie arbeidsprosessar/utviklings- og forbetringsarbeid e.l.
  • Gode IKT ferdigheiter og systemforståing.
  • Ønskjeleg med erfaring frå ulike kliniske fagsystem.
  • Kjennskap til spesialisthelsetenesta.
  • Fordel med kjennskap til digitaliseringsstrukturen i Helse Vest.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å leie andre, samarbeide og kommunisere
  • Samlande evner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evnar å delegere
  • Evne til å sjå heilskapen og arbeide systematisk for å nå mål
  • Sjølvstendig og arbeider godt i team
  • Serviceinnstilt, løysingsorientert og fleksibel med omsyn til nye oppgåver
  • God gjennomføringsevne, systematisk og effektiv

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Det kan bli noko reiseverksemd

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • IT-kompetanse
  • Kjennskap til lovverk og regelverk

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Ledelse
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

fag, utvikling, spesialisthelsetjeneste, kvalitet, prosjekt

Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Dagrun Kyrkjebø
  • Stillingstittel: Direktør
  • Mobil: (+47 )95 07 06 84
Send SMS
  • Bli kjent med HELSE FØRDE HF
  • Flere stillinger fra HELSE FØRDE HF

105 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 470662007
  • Sist endret 24.7.2026, 08:36
Rapporter annonse