FINNJobbSøkVestlandStad
Fristen er utløpt

Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Gloppefjord

Fjord1 AS

  • Søknadsfrist 11.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Skipsførar Lote-Anda

Vi ser etter ein ny skipsførar til MF Gloppefjord

Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 3 veker av. Lote-Anda var Norges fyste heilelektriske fergesamband. 

Som skipsførar er du ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er løysningsorientert og likar å arbeide operativt. Du arbeider tett med mannskapet om bord og med administrasjonen på land for å ivareta stabil drift på sambandet. 

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med moderne fartøy og fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder. 

 Fjord1 har bolig til disponering i nærleiken av sambandet.


Arbeidsoppgåver

Oppgåver i samsvar med stillingsinnstruks for skipsførar, med særskilt fokus på:
  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarlig for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein kompetent og ansvarleg skipsførar med solid erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein sterk forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar. 
  • Behandlingsordning
  • Skiftordning: 2 veker på, og 3 veker av.

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 5156091548

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 18.10.2026

Søknadsfrist: 11.08.2026

Om arbeidsgiveren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Lote-Anda, 6778 Lote
  • Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Lote-Anda, 6778 Lote

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 469838109
  • Sist endret: 15.7.2026, 14:02
  • Org.nr.: 974737647Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse