Driftsoperatør Nordfjord
Eide Fjordbruk
- Søknadsfrist 2026-08-31
- Ansettelsesform Fast
Vil du ta del i setje standarden for framtidas havbruk?
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå vår visjon er me avhengige av dyktige kollegaer på merdkanten. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd. I Eide kjem du inn i ei verksemd som tør å satse og som er under sterk utvikling. Me ønskjer at du utviklar deg saman med oss.
Me har utvikla Watermoon; lukka oppdrettsteknologi i sjø, utvikla for å gi laksen eit kontrollert og beskytta miljø - og for å redusere miljøpåverknaden samanlikna med tradisjonelle opne merdar. Systemet beskyttar fisken mot eksterne påverknader som lakselus, og inkluderer kontroll av vannkvalitet og oppsamling av slam. Watermoon er eit av dei største satsingsområda våre framover, og du får vera med å vidareutvikle konseptet som ein sentral del av Eide-konsernet i åra som kommer. Her får du vera med å forme framtidas havbruk gjennom ny teknologi og nye driftsformer, i eit fagmiljø som er i sterk vekst.
Om stillinga:
Som driftsoperatør vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
Viktige arbeidsoppgåver vil vera:
- Fôring og stell av fisk
- Deltaking i større operasjonar som levering, avslusing og klargjering/nedrigging av lokalitetar m.m.
- Forfallande vedlikehald og periodisk ettersyn på anlegg, båtar og utstyr
- Orden, reinhald, og smitteførebyggjande arbeid
- Deltaking i helgevaktordning
Kven me ser etter?
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Bevisst. Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. — det er kompasset vårt.
Ynskte kvalifikasjonar og eigenskapar
- Relevant fagbrev eller utdanning/ erfaring
- Motivert for arbeid med fisk og oppdrett
- Bidreg til god HMS og arbeider strukturert
- Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
- Førarkort klasse B
- (Relevante sertifikat for stillinga)
Me tilbyr:
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Driftsleiar: Martin Lillestøl, mail: martin.lillestol@efb.no mobilnummer: 48 21 46 58
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.
Ferdigheter AI-generert
- Fiskeoppdrett
- Foring av fisk
- Reparasjon og vedlikehold av skip og båter
- Utføre vedlikehold av installert utstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Nordfjordeid, Norge, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, HMS, Produksjon
Nøkkelord
drift, havbruk, driftsoperatør, akvakultur, oppdrett
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472093689
- Sist endret:
- Org.nr.: 930739758Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


