Tilkallingsvikar miljøstasjon
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
- Søknadsfrist 24.8.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tilkallingsvikar til miljøstasjon
Vil du bli ein del av eit godt etablert team ved miljøstasjonen i Hovdebygda?
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til god kundeservice, høg kvalitet og rett sortering av avfall.
Kva vi ser etter
Vi ser etter ein fleksibel og serviceinnstilt tilkallingsvikar som kan stille opp ved behov, til dømes ved sjukdom, anna fråvær og ferieavvikling.
Miljøstasjonen i Hovdebygda har drift alle vekedagar gjennom heile året, i tillegg til kveldsope tysdagar og laurdagsope delar av året.
Vi har dirfor behov for deg som kan vere fleksibel og kan ta vakter både på dagtid, kveld og laurdag.
Viktige personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt
Fleksibel
Evne til å arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert
Strukturert og påliteleg
Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak
Kvalifikasjonar
Førarkort klasse B, også for manuell gir
Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Grunnleggjande datakunnskapar
Gjerne truckførarbevis (ikkje krav)
Arbeidsoppgaver
Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
Pakke og klargjere ulike avfallsfraksjonar
Rydding, handtering og transportoppdrag
Operatør i vekta ved behov
Andre oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og til VØR sitt anlegg på Melsgjerdet
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag.
For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med reglement for offentlege tilsette.
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med driftsleiar Bjarne Solbakken på telefon 936 02 209, eller koordinator Steffen Myklebust på telefon 477 07 523.
(1/2)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS har ansvar for innsamling og handtering av avfall frå alle hushaldningane.
Drifta i VØR er delt på to lokasjonar, der innsamling ute hos abonnentane er knytt mot det nye anlegget vårt på Melsgjerdet i Ørsta.
I Hovdebygda har vi miljøstasjonen og administrasjonen vår, saman med Retura Søre Sunnmøre AS.
Selskapet omsette i 2025 for 56 mill kr og har 20 tilsette.
VØR er godkjend lærebedrift og sertifisert etter ISO9001.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renovatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
tilkallingsvikar, miljøstasjon, serviceinnstilt, fleksibel
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472777709
- Sist endret:
- Org.nr.: 984068085Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


