Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Leiar – Kommunal plan og rettleiing

Vestland fylkeskommune

  • Frist 13.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Leiar – Kommunal plan og rettleiing

I avdeling for næring, plan og innovasjon ved seksjon for plan, klima og analyse (PKA) er vi i ferd med å etablere ei ny organisering. Vi lyser no ut stilling som leiar for Kommunal plan og rettleiing. Som leiar får du personalansvar for tilsette i gruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet.

Oppgåvene til arbeidsgruppa vil mellom anna vere å:

  • rettleie og bistå kommunane i deira planlegging
  • samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar
  • rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane

Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane
  • koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet
  • rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet
  • vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar
  • støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen
  • bistå seksjonsleiar med å avklare større og tverrfaglege problemstillingar
  • bistå i å sikre godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga.
  • god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa
  • engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare
  • erfaring med leiing eller koordinering

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Leiings- og personalkompetanse

I denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar.
Vi ser etter deg som:

  • skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane
  • er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg
  • kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder
  • er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar
  • følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst
  • delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast

Vi tilbyr

  • Ein nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling
  • Ei ny leiarrolle med personalansvar
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønn etter avtale
  • Leiarutviklingsprogram

Ferdigheter
AI-generert

  • Byplanlegging
  • Erfaring innen byplanlegging,

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
  • Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Planlegger, Rådgivning
  • Arbeidsspråk: Norsk
Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: May-Britt Nesje Hernes
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 41 68 81 69
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1579 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 468693410
    • Sist endret 2.7.2026, 15:02
    Rapporter annonse