Plan- og utviklingssjef
Alver Kommune
- Frist 12.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og forme Alver for framtida?
I Alver kommune trur vi på utvikling gjennom samarbeid, tydelege val og vilje til å sjå moglegheiter. No søkjer vi ein plan- og utviklingssjef som vil vere med og setje retning for korleis kommunen vår skal utvikle seg vidare.
Du får leie eit fagleg sterkt tenesteområde og ha ei nøkkelrolle i planarbeidet. Stillinga har ansvar for både private og offentlege planar, og er sentral i utviklinga av Alver som ein attraktiv kommune for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Dette er ei stilling for deg som trivst med ansvar, relasjonar og komplekse spørsmål. Du må kunne kommunisere godt på tvers av ulike interesser, og omsetje utfordringar til retning, framdrift og resultat.
Dette skal du jobbe med
Som plan- og utviklingssjef får du ein sentral posisjon i samfunnsutviklinga i Alver. Du har det overordna ansvaret for tenesteområdet og skal sikre kvalitet og berekraftig framdrift.
Hovudoppgåver:
- Leie og vidareutvikle tenesteområdet for plan og utvikling.
- Ha overordna ansvar for planarbeidet og sikre gode prosessar i arbeid med private og offentlege planar.
- Vera ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for leiinga og politisk nivå.
- Leggje til rette for god dialog med næringsliv, innbyggjarar, politikarar og utbyggjarar.
- Bidra til heilskaplege vurderingar der samfunnsutvikling, arealbruk, berekraft og tenesteutvikling heng godt saman.
For å lukkast i rolla ønskjer vi at du:
- Har relevant høgare utdanning innan til dømes samfunnsplanlegging, arealplanlegging, arkitektur, juridiske fag eller andre relevante område.
- Har erfaring frå planarbeid, samt god forståing for offentleg forvaltning og samspelet mellom fag og politikk.
- Har dokumentert leiarerfaring, minimum på teamleiarnivå, og fortrinnsvis frå offentleg forvaltning.
- Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø.
- Kommuniserer trygt og tydeleg, byggjer relasjonar og skapar tillit både internt og eksternt.
- Er løysingsorientert med solid gjennomføringsevne i komplekse saker.
- Er initiativrik, driv utviklinga framover and ser nye moglegheiter.
Kvifor arbeide hos oss?
I Alver kommune får du meir enn ei leiarstilling. Du får høve til å påverke utviklinga av ein kommune med ambisjonar, vekst og stort engasjement.
- Ei sentral leiarrolle i utviklinga av Alver kommune.
- Leie eit svært kompetent tenesteområde der de finn gode løysingar saman.
- Tett samarbeid på viktige strategiske og politiske prosessar.
- Moglegheit til å setje varige spor i eit arbeid som har ekte betydning for folk og stader.
- Stor fleksibilitet og tillit til å styre eigen kvardag, inkludert gode ordningar for heimekontor, samt tette bussamband til Knarvik.
Søknadsfrist: 12.august
Vi gjer merksemd på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleggjering, jf. offentlegheitslova § 25.
For meir informasjon om stillinga, kontakt Randstad Professional:
Senior Advisor Mona Vervik mobil: 408 70 309 / e-post: mona.vervik@randstad.no
Senior Advisor Stine Flø Riksheim mobil: 982 95 179 / e-post: stine.riksheim@randstad.no
Stillingstittel: Plan- og utviklingssjef
Sektor: Samfunnsutvikling, Alver kommune
Rapporterer til: Kommunalsjef Samfunnsutvikling
Arbeidsstad: Knarvik/Frekhaug
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg videre.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktig samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Ledelse, Rådgivning
Nøkkelord
Leder- og organisasjonsutvikling, plan- og utviklingssjef, Næringsutvikling, Infrastruktur, Bærekraftig utvikling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467469405
- Sist endret


