Prosjektstilling – nærings- og samfunnsutvikling
Gulen og Masfjorden Utvikling AS
- Frist 10.8.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du vere med å drive utvikling i Gulen og Masfjorden?
Vil du vere med å drive utvikling i Gulen og Masfjorden?
Prosjektstilling – nærings- og samfunnsutvikling (100 %)
2 år – med moglegheit for fast tilsetjing
Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for å skape vekst, utvikling og samarbeid i regionen.
Vi jobbar i skjæringspunktet mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn, og tek initiativ til prosjekt og satsingar som bidreg til verdiskaping, attraktivitet og framtidig utvikling.
No søkjer vi ein ny kollega som vil vere med å utvikle, leie og gjennomføre prosjekt saman med kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
Hos oss får du høve til å påverke utviklinga i regionen og arbeide med prosjekt som betyr noko for både næringsliv, lokalsamfunn og kommunar.
Vi ønskjer å vere ein aktiv utviklingsaktør som tek initiativ, skaper samarbeid og driv prosjekt framover.
Den rolla vil du vere med å styrkje.
Om rolla:
I GMU jobbar du ikkje etter ei ferdig oppskrift.
Du vil møte menneske, idéar og moglegheiter som ikkje alltid kjem med ein klar plan eller fasit.
Difor må du kunne skape struktur, samle ulike aktørar og drive prosjekt framover.
Prosjekta vil ofte involvere ulike interesser, fagmiljø og næringar.
Du må kunne byggje samarbeid og omsetje gode idéar til handling
Arbeidskvardagen din kan mellom anna bestå av å:
utvikle, leie og følgje opp prosjekt frå idé til gjennomføring
arbeide med attraktivitet, profilering og synleggjering av regionen
byggje nettverk og skape samarbeid mellom næringsliv, kommunar og andre aktørar
identifisere og utvikle nye satsingar innan nærings- og samfunnsutvikling
omsetje idéar til aktivitet og resultat
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein person som har erfaring med å utvikle, leie eller gjennomføre prosjekt.
Stillinga inneber stor grad av sjølvstende og ansvar.
Du må kunne ta ansvar for framdrift, koordinering og gjennomføring, og trivast med samarbeid på tvers av kommunar, næringsliv og andre aktørar.
Erfaring med prosjektleiing, kommunikasjon, marknadsføring eller tilsvarande oppgåver vil vere ein fordel.
Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring og dokumenterte resultat kan vege opp for formell utdanning.
Kva skal til for å lukkast?
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
tek ansvar og eigarskap til eigne oppgåver
får ting til å skje og held framdrift i prosjekt
byggjer gode relasjonar og tillit
trivst med å finne løysingar der vegen ikkje alltid er teikna opp
set pris på stor grad av sjølvstende og handlingsrom
Praktisk informasjon
Stilling: Prosjektstilling – nærings- og samfunnsutvikling
Omfang: 100 %
Varigheit: 2 år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Løns - og arbeidsvilkår etter avtale.
Arbeidsstad: Fortrinnsvis Sløvåg, med kontordagar i både Gulen og Masfjorden kommunar.
Oppstart: Etter avtale
Det må påreknast noko reiseverksemd, og førarkort klasse B er nødvendig.
GMU nyttar nynorsk som arbeidsspråk.
Det er ein fordel om du meistrar nynorsk godt, men det viktigaste er uansett at du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
Kjenner du deg igjen?
Vi vil gjerne høyre frå deg – også om du ikkje oppfyller alt som står ovanfor.
Søknadsfrist: 10. august 2026
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for å skape vekst, utvikling og samarbeid i regionen.
Vi jobbar i skjæringspunktet mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn, og tek initiativ til prosjekt og satsingar som bidreg til verdiskaping, attraktivitet og framtidig utvikling.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiing, næringsutvikling, samfunnsutvikling, kommunikasjon, profilering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467948260
- Sist endret

