Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Alver

Helsesekretær i 70% fast stilling ved Frekhaug legesenter

Alver kommune

  • Frist 09.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du bli ein del av eit fagleg dyktig team på eit veldrive legekontor?

Vil du ha ein variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der samarbeid, pasientkontakt og kvalitet står sentralt?

Frekhaug legesenter søkjer ein engasjert helsesekretær i 70 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale.

Vi søkjer fortrinnsvis etter autorisert helsesekretær. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan autorisert sjukepleiar med relevant erfaring frå legekontor eller legevakt verte vurdert.

Stillinga inneber arbeid heile dagar etter turnus. Turnusen vert planlagd i god tid av driftskoordinator.

Om oss

Frekhaug legesenter er eit veldrive og godt organisert fastlegekontor på Frekhaug. Vi har gode og funksjonelle lokale, og parkering i kort gåavstand frå bygget.

Ved legesenteret arbeider sju fastlegar og ein LIS-lege. Legane er kommunalt tilsette og har eigne fastlegelister. Du vert ein del av eit fagleg dyktig og tverrfagleg arbeidsmiljø med helsesekretærar, bioingeniør, sjukepleiar og legar.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og arbeider innan breidda av oppgåver ved legekontoret. Vi samarbeider tett i den daglege drifta, og legg stor vekt på god samhandling, tydeleg kommunikasjon og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsdagane er varierte og til tider travle, og vi søkjer deg som trivst med dette.

Ein av helsesekretærane ved kontoret har funksjon som driftskoordinator og ansvar for daglege driftsoppgåver. Ein av legane har funksjon som fagkoordinator og bidreg til god fagleg praksis ved kontoret.

Arbeidsoppgåver

  • laboratoriearbeid
  • resepsjon og pasientmottak
  • arbeid på skiftestove, mellom anna EKG, 24-timars blodtrykksmåling, spirometri og andre prosedyrar
  • svare telefon og handtere elektroniske meldingar
  • assistere lege ved behov, til dømes ved småkirurgi og på smitterom
  • økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
  • bidra i kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid og utviklingsarbeid ved legekontoret

Kvalifikasjonskrav 

  • autorisasjon som helsesekretær
  • dersom vi ikkje får kvalifisert helsesekretær, kan autorisert sjukepleiar med relevant erfaring frå legekontor eller legevakt verte vurdert
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse
  • evne til å kommunisere godt og samarbeide konstruktivt med andre
  • evne til å arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • relevant arbeidserfaring frå legekontor, legevakt eller sjukehus
  • kjennskap til Infodoc Plenario

Kven er du?

  • du er trygg i fagrolla di og utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag i møte med mange ulike mennesker
  • du møter pasientane på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon og gode relasjonar
  • du tek initiativ og ønskjer å bidra aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret
  • du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer
  • fleksibilitet er viktig i denne stillinga. Du er motivert og handterer endringar godt, stiller opp der behovet er størst, og bidreg positivt i kvardagen
  • vi ønskjer ein medarbeidar med positiv innstilling, godt humør, er løysingsorientert og evne til å vere ein positiv bidragsytar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, både fysisk og psykososialt

Me tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • god pensjonsordning
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • tett samarbeid i tverrfagleg team
  • høve til å bidra i vidareutvikling av legekontoret, med vekt på kompetanseheving og kvalitetsforbetring
  • gratis parkering 

     

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Ferdigheter
AI-generert

  • Kvalitetsstyring
  • Måle og analysere blodtrykk
  • Norsk
  • Resepsjonsarbeid på sykehus eller legekontor
  • Spirometri
  • Utføre EKG

Om arbeidsgiveren

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Havnevegen 41B, 5918 Frekhaug
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Sykepleier
Alver kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bente Bø Taule
  • Stillingstittel: Einingsleiar
  • Mobil: 47 45 97 25
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Stine Marøy Wolff
  • Stillingstittel: Ass. Einingsleiar
  • Mobil: 97 15 93 02
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med ALVER KOMMUNE
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra ALVER KOMMUNE

559 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Havnevegen 41B, 5918 Frekhaug

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467387420
  • Sist endret 18.6.2026, 14:25
Rapporter annonse