Rådgivar - arkiv
Drift-teknisk divisjon/ Fagseksjon for papirforvalting og depot, Helse Bergen HF
- Frist 19.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Dokumentasjonsavdelinga i Helse Bergen har som oppdrag å levere heilskaplege dokumentasjonstenester til helseføretaket. Avdelinga består av fire seksjonar med om lag 100 medarbeidarar. Som rådgivar i Dokumentasjonsavdelinga vil du vere ein del av Fagseksjon for papirforvalting og depot. Fagseksjonen har sju medarbeidarar og har ansvar for forvalting av papirarkiva til helseføretaket.
Mykje av det som blir teken hand om i seksjonen er eldre pasientjournalar i papirform. Fagseksjonen legg til rette for innsyn i eldre arkivsaker og sørgjer for å avlevere arkivmateriale til Nasjonalarkivet. Seksjonen har utvikla seg kraftig dei siste åra, og er framleis i utvikling. Det er difor naudsynt med ein rådgivar i et vikariat på eit år, med mogleigheit for forlenging. Du som blir tilsett må ha interesse for eldre papirarkiv og evne å finne løysingar med digitale verktøy.
Kjenner du på verdien av å ta vare på historia? Blir du motivert av moglegheita til å vere med å utvikle fagseksjonen vidare? Då kan du vere kandidaten vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, ordning og arkivering av analog dokumentasjon frå føretaket
- Registrering og oppdatering i relevante system
- Tilrettelegging for innsyn i dokumentasjon ved behov
- Sikre korrekt handtering av sensitiv informasjon i hht. gjeldande regelverk
- Delta i utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar
- Planlegge og gjennomføre kartlegging av papirarkiv i føretaket
- Klargjering og avlevering av arkivmateriale til Nasjonalarkivet i hht. gjeldande rutiner
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan arkiv, administrasjon eller dokumenthandtering. Minimum fullført bachelorgrad
- Erfaring frå arkivarbeid eller dokumenthandtering er ein fordel
- God digital kompetanse og evne til å lære nye system
- Kjennskap til personvernregelverk og handtering av sensitiv informasjon er ønskjeleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
- Særs god norskkompetanse. Minimum B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert
- Nøyaktig
- Interessert i å gjere kollegaer gode
- Initiativrik
- Serviceinnstilt
- Tek ansvar
- Har evne til å prioritere arbeidsoppgåvene
- Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i KLP
- IA-bedrift
- Moglegheit for å påverke eiga stilling og arbeidsfelt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Valvik Vågen, Seksjonsleiar, 55978423Arbeidsstad
Møllendalsbakken 75009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5141222798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466435820
- Sist endret


