Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Seniorrådgjevar - samfunnskontakt

Universitetet i Bergen

  • Frist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Seniorrådgjevar - samfunnskontakt

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorrådgivar - samfunnskontakt

Universitetet i Bergen (UiB) lyser ut ei fast stilling som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsavdelinga, med særleg ansvar for samfunnskontakt og strategisk rådgjeving overfor universitetsleiinga.

UiB er eit nasjonalt og internasjonalt forskingsuniversitet med ei stor fagleg breidde og Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit initiativrikt og utadretta universitet. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som legg grunnlag for dette arbeidet. Universitetsleiinga arbeider systematisk og i tett samspel med fagmiljøa for å løfte inn forskinga  og kunnskapen si kraft  inn i samfunnet, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.  

Seniorrådgjevaren skal være ein viktig ressurs i arbeidet med å operasjonalisere og følgje opp desse ambisjonane overfor politikk, forvaltning, nærings-, kultur- og samfunnsliv i godt samspel med universitetsleiinga og kollegaer ved Kommunikasjonsavdelinga.  

Arbeidsoppgåver:

  • Ha eit særskilt ansvar for å utvikle universitetet si strategiske samfunnskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektøren og Kommunikasjonsavdelinga
  • Vere pådrivar for å styrkje relasjonar mellom universitetet og sentrale samfunnsaktørar
  • Yte strategisk rådgjeving og støtte til rektor innan samfunnskontakt
  • Utføre andre relevante rådgjevingsoppgåver knytte til leiinga sitt arbeid med samfunnskontakt 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Eit breitt og relevant profesjonelt nettverk, samt god innsikt i politiske prosessar regionalt og nasjonalt
  • Evne til å arbeide både strategisk og operativt på tvers av organisasjonen
  • God kjennskap til, og interesse for, universitets- og høgskulesektoren
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
  • Særs gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
  • Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for å lykkast i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø tett på universitetsleiinga
  • Stor fridom til å utvikle eiga stilling med utgangspunkt i universitetet sine ambisjonar og mål
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 780 000  - 820 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, e-post: margareth.hagen@uib.no, tlf. nr. 41 61 96 62 eller Kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne, e-post: anne.grepne@uib.no, tlf. nr. 46 86 50 73.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon, Rådgivning
Universitetet i Bergen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingen kontakperson oppgitt
  • Bli kjent med Universitetet i Bergen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Universitetet i Bergen

1436 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466026523
  • Sist endret 5.6.2026, 13:51
Rapporter annonse