Geriatrisk sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Førde, Helse Førde
- Frist 18.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Geriatrisk poliklinikk treng nye medarbeidarar med spesialutdanning i geriatri.
Helse Førde satsar på geriatri som fagfelt og byggjer opp eit sterkt fagmiljø for å møte behova til innbyggarane. Poliklinikken vil vere samlokalisert med Medisinsk sengepost i 8. etasje, som har 5 senger til pasientar med geriatriske problemstillingar.
Stillingane vil vere knytt til Medisinsk sengepost 1, med kombinert arbeid mellom sengepost og poliklinikk. Det er planlagt tre 100 % stillingar med fordeling
60 % sengepost og 40 % poliklinikk.
Arbeidsoppgåver
Pasientane du møter på Geriatrisk poliklinikk er i aldersgruppa om lag 70 år og oppover. Hovedarbeidsoppgåvene er knytt til utgreiing innanfor ulike kategoriar. Arbeidet er tverrfagleg og teambasert.
Arbeidsdagane er varierte og du vil ha ei blanding av pasientkonsultasjoner og utføring av ulike prosedyrer.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert spesialsjukepleiar innan geriatri eller under utdanning.
Vi legg også til rette for forbetringsarbeid på områder eller problemstillingar ein ser forbetringspotensial i, gjerne gjennom Helse Vest si forbetringsutdanning der ein lærer å drive forbetringsarbeid.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig ar du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosiale tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt. Helse-Førde tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, (+47) 407 29 970Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5139021743
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 18.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465820333
- Sist endret


