Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

Kokk

Helse Førde

  • Frist 01.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi søker kokk

Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stilling:

  • 100% fast stilling som kokk frå 01.09.2026 eller etter avtale

Matforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter.

Vi produserar og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane.

Plassering stilling: Matforsyning Førde sentralsjukehus


Arbeidsoppgåver

  • Tilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde
    Det er mottakskjøkken i sengepostane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak.
  • Tilsett må kunne tilegne seg nødvendig IT-verktøy/programvarer
  • Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiar
  • Arbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg om ikkje anna vert avtalt.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev frå institusjon eller hotell
  • Erfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandling
  • It-kompetanse, men opplæring vil bli gitt
  • Søkjar må beherske norsk godt, både skriftlig og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Må like å arbeide både aleine og i større gruppe
  • Kunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen.
  • I ein travel arbeidskvardag, vil god fysikk være til god hjelp

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Regelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig moment
  • Årsturnus
  • Sosiale hendingar - store og små

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Ferdigheter
AI-generert

  • Norsk
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Kokk
  • Arbeidsspråk: Norsk
Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Frode Andre Devig
  • Stillingstittel: Ass. kjøkkensjef
  • Mobil: 95 14 16 72
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Elin Haugen
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 57 83 96 82
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Førde
  • Flere stillinger fra Helse Førde

104 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466783414
  • Sist endret 12.6.2026, 16:03
Rapporter annonse