Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

On-site teknikar

Helse Vest IKT

  • Frist 19.07.2026
  • Ansettelsesform Fast

On-site teknikar

Seksjon Lokalstøtte nord har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Førde og Helse Bergen. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.

Saman med Seksjon Lokalstøtte sør utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.

Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte nord med arbeidsstad i Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m.
  • Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
  • På staden kundeoppfølging.
  • Varelogistikk.
  • Deltaking i prosjekt.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr.
  • Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem.
  • Erfaring med kundebehandling.
  • Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Fagbrev innanfor relevante fag er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
  • er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa.
  • jobbar godt i team, men også sjølvstendig.
  • er positiv og initiativrik.
  • er open og svolten på ny kunnskap og teknologi.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Datamaskinutstyr
  • Feilsøking og reparasjon av elektronisk utstyr
  • Logistikk
  • Montere teknisk utstyr
  • Norsk
  • Reparere IKT-enheter
  • Vedlikeholde datamaskinvare

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.


Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.


Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg, IT, IT - maskinvare
  • Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support
  • Arbeidsspråk: Norsk
Helse Vest IKT logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Elin Landro Tøsdal
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar (Konstituert)
  • Mobil: 41 50 13 27
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Vest IKT
  • Flere stillinger fra Helse Vest IKT

1006 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Vest IKT AS logo

Helse Vest IKT AS

Det kan hende du er livsviktig
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Søk jobb hos oss

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466479794
  • Sist endret 9.6.2026, 17:04
Rapporter annonse