Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Gloppen

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar Gotatoppen

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spenannde fast stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri, med oppstart 10.08.26, eller etter avtale. Anna stillingsprosent er og aktuelt. Vi har årsturnus, og stillinga er i tredelt turnus. 

Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig helsefagarbeidar eller hjelpepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.

 
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling. Vi søker etter deg som ynskjer å bidra til å skape trygghet for våre bebuarar, og bidra i eit godt arbeidsmiljø. Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. 

  • praktisk hjelp og tilrettelegging for at dei som bur der skal få gjennomført sine daglege primæroppgåver
  • følgje opp aktivitetsplan
  • legemiddelhandtering
  • dokumentasjon
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleie elevar og lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar. 
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling 
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 5139071000

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465701654
  • Sist endret 2.6.2026, 14:40
Rapporter annonse