Renovatør
Nordfjord Miljøverk IKS
- Frist 12.7.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Sjåfør for renovasjonsbil
Likar du å være på vegen i vakre Nordfjord, og ha eit fysisk arbeid og samtidig gjere ein viktig innsats for miljøet i ein spennande og framtidsretta bransje i sterk utvikling, kan dette være jobben for deg !
Litt om oss
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer er å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
Renovatør/sjåfør
Vil du bli ein del av NoMil? Vi søkjer no ein renovatør/sjåfør til eit 100 % vikariat med varigheit på eitt år og moglegheit for forlenging. Oppmøtestad er Nordfjordeid i Stad kommune eller Sandane i Gloppen kommune.
For stillinga er det eit krav om at du har:
· førarkort klasse C eller CE og YSK
· god hele og fysikk
· snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2
· normale digitale ferdigheitar
· fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr
· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Søknad med CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «Renovatørr».
Søknadsfrist: 12.juli 2026.
Ferdigheter
- B2 norsk språkprøve
- Digitale ferdigheter
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øyane 9, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Logistikk og lager, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjåfør, Renovatør, Renovasjon, renovasjonsbil, fagbrev
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466645847
- Sist endret
