Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

Pasientkoordinator

Helse Førde

  • Frist 21.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Pasientkoordinator

DPS dag har ledig stilling som pasientkoordinator.

DPS dag er ein poliklinikk som gjev distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytt Psykiatrisk klinikk. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø.

Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde, der vi har 4 sengepostar med samla 41 døgnplassar, poliklinikk og ambulant vaksenhabilitering. Vi er samlokalisert med Førde BUP.

DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag har arbeider med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar med psykoselidingar. Vi ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemnde felta får arbeidsoppgåver innanfor dette.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF


Arbeidsoppgåver

  • Delta i inntaksteam, saksbehandle klager knytt til vurderingar av rett til helsehjelp, være stedfortreder i inntaksteam ved leiars fråvær
  • Koordinere og kvalitetssikre pasientflyt og behandling, primært innan DPS dag, også mellom døgn og dag og omvendt
  • Koordinatorrolle i spesialisthelsetenesta ved behov
  • Samarbeide med andre avdelingar og tenester knytt til pasientforløp
  • Klinisk arbeid ved behov; utgreiing, vurdering og behandling
  • Rettleiing og undervisning ved behov.
  • Andre oppgåver etter avtale med næraste leiar
  • Arbeidsoppgåver og ansvar vil endre seg i takt med utvikling som skjer i avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • 3 årig høgskuleutdanning innan helse-/sosial og eit år relevant vidareutdanning innan psykisk helsevern-/rus
  • God norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • Ha god forståing for omsorgsnivå, kommunalt, DPS og sjukehus
  • Minst 2 år relevant erfaring etter fullført høgskuleutdanning
  • God evne til samarbeid er ein føresetnad
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Rettleiing
  • IA bedrift


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Klinisk pasientarbeid
  • Spesialhelsetjenesten

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsepersonell
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

koordinator, veileder, inntak, kvalitetssikring, klinisk

Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Rebecca Mendes Melvær
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: (+47 )57 83 97 07
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Førde
  • Flere stillinger fra Helse Førde

104 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466318939
  • Sist endret 8.6.2026, 09:40
Rapporter annonse