Trafikkleiar Sandane
Firda Billag Buss AS
- Frist 24.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Firda Billag Buss søker etter Trafikkleiar på Sandane
Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert trafikkleiar til vårt kontor på Sandane. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar.
Som trafikkleiar vil du bli ansvarleg for dagleg drift av avdelinga på Sandane. Dette inkluderar personalansvar og ansvar for bussmateriell i Gloppen og Skei i Jølster. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service.
Arbeidsoppgåver:
• Førstelinje personalansvar for sjåførane
• Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar
• Disponering av personell og køyretøy og oppfølging av køyreplanar
• Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga
Vi ser etter deg som:
• Er serviceinnstilt og løysingsorientert
• Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. IVU, Visma, Office, andre logistikksystem)
• Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
• Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
• Har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav
Arbeidsstad:
Nye kontorfasiliteter i Eidsmona, Sandane
Søknadsfrist: 24. jun 2026
FerdigheterAI-generert
- Behersker IT-/datasystemer
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Firda Billag Buss AS køyrer dei lokale rutene i Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg har vi eiga turbuss-avdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter.
Vi er opptatt av å levere tenester av høg kvalitet, og har fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Vil du vere med å bidra?
- Sektor: Privat
- Sted: Eidsmona 26, 6823 Sandane
- Bransje: Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Logistikk og lager, Transport og sjåfør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465298373
- Sist endret
