Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad

Lege i spesialisering, LIS3, psykiatri

Folgefonn DPS, Helse Fonna HF

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS, Valen frå 1. september 2026

Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.

Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.

 Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene:

  • Akutt psykiatrisk post
  • Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg

Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna.

Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning  for allmennlegar spesialisering (ALIS).  Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt.

Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
  • Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +4741470958, rolf.christian.mehl@helse-fonna.no

Maren Elise Skogseth, Avdleingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5137225494

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Sjukehusvegen 13, 5451 Valen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465600803
  • Sist endret 1.6.2026, 14:58
Rapporter annonse