Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Overlege vikariat

Helse Bergen HF

  • Frist 17.06.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Overlege vikariat, spesialist i pediatri, seksjon for kreft og blodsjukdommar

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.

BUK har 68 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab.

I 2025 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 32 000 polikliniske konsultasjonar.

Vi søker etter ein til to barnelegar i 100% vikariat inntil 12 månader med oppstart 1 september, med moglegheit for forlenging. Vi søker etter barnelege med erfaring og kompetanse innan kreft og blodsjudommer. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av internasjonal standard.

Seksjonen har i dag 6 overlegestillingar. BUK har regionsfunksjonen for utdanning og behandling av onkologiske og hematologiske pasientar til 18 år.


Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag til dag ansvar for behandling av pasientar, samt langsiktig ansvar for oppfølging av dei
  • Du vil inngå i eit tett tverrfagleg samarbeid som består av andre spesialistar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, bioingeniørar, psykologar, skule og leiketerapi
  • Arbeid på sengepost, i poliklinikk og på dagpost
  • Delta i vaktteneste etter kvalifikasjonar og klinikkens behov
  • Deltaking i undervisning og rettleiing av legar, studentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i barnesjukdommar med relevant fordjuping innan barnekreft/hematologi
  • Ønskeleg med bakvakt kompetanse innan pediatri
  • Gode samarbeidsevner og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team
  • Norsk/skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne og arbeider strukturert og målretta
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig men og ønske å vere del av eit tverrfagleg team
  • God fagleg vurderingsevne
  • Du etablerer gode samarabeidsrelasjoner med andre yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du evner å få fram det beste i andre

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø prega av kompetente medarbeidarar som er opptatt av å gjere ein god jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Hematologi
  • Klinisk onkologi
  • Kreft
  • Nordisk spåk
  • Pediatri

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Overlege
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

overlege, pediatri, barnesykdommer, barnekreft, blodsykdommer

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ninnie Helen Bakken Oehme
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 90 54 05 56
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Bergen HF
  • Flere stillinger fra Helse Bergen HF

2762 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 466434496
    • Sist endret 9.6.2026, 10:17
    Rapporter annonse