Fastlege
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 18.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Fastlege
Ved Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune har vi ledig 100 % fast stilling som fastlege.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit moderne legekontor med stort utviklingspotensial. Kontoret er framleis i oppbyggings- og utviklingsfase, og du vil få høve til å påverke både fagleg retning, struktur og vidare utvikling av praksisen i åra som kjem, med mål om overgang til næringsdrift.
Om arbeidsplassen
Osøyro legesenter ligg sentralt i Os, berre ca. 2025 minutt frå Bergen med bil, og har gode bussforbindingar.
Legekontoret flytta inn i nye og moderne lokale i januar 2024. Her arbeider i dag fire legar saman med dyktige helsesekretærar i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg engasjement og korte beslutningsvegar.
Vi er opptekne av å byggje eit stabilt, framtidsretta og godt fagmiljø, der kvalitet i pasientbehandling og trivsel på arbeidsplassen går hand i hand. Oppbygging og vidareutvikling av kontoret vil vere ein viktig del av arbeidet framover, og vi ønskjer oss ein lege som vil vere med og bidra aktivt i denne prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid som fastlege med eigen pasientliste
- Oppfølging og behandling av pasientar i alle aldrar
- Samarbeid med øvrige legar og tilsette ved kontoret
- Bidra aktivt til vidare utvikling av legekontoret, rutinar og fagmiljø
- Delta i legevaktsordning ved hovedstasjon for Bjørnafjorden og Samnanger legevakt, ca. 16-delt vakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggast fram
- Interesse for allmennmedisin og førebyggjande arbeid
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er fagleg trygg og arbeider strukturert og sjølvstendig
- trivst med samarbeid og tverrfagleg arbeid
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til utvikling av både arbeidsmiljø og fagmiljø
- ser verdien av å byggje noko over tid saman med gode kollegaer
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Fastlønn
- Insentivavtale med 20 % næringsinntekt (30 % for spesialistar i allmennmedisin)
- ALIS-spesialiseringsløp med rettleiar som er spesialist i allmennmedisin
- Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
- Eit raust, kompetent og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte, fagleg utfordrande og meiningsfulle arbeidsdagar
- Moglegheit til å påverke utviklinga av eit moderne legekontor i vekst
Vi vil kalle inn til intervju fortløpande så send søknad snarast!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Allmennmedisin
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Legekontor
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege, Spesiallege
Nøkkelord
fastlegekontor, legespesialist, lege, allmennlege, fastlønn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465186474
- Sist endret

