Kulturskulen i Vik har ledig stilling i gitarundervisning
Vik kommune Samfunn
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Kulturskulen i Vik kommune er ein liten skule med totalt 1,8 årsverk, men heile 92 elevplassar. Dette gir eit tett og inkluderande miljø med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga av tilbodet.
Vik kommune søkjer ein engasjert og fleksibel gitarlærar til ei 20 % fast stilling ved Kulturskulen frå 1. august.
Stillinga inneber undervisning både i grupper og for enkeltelevar. Me ser etter ein lærar som kan tilpasse undervisninga til ulike nivå og behov, og som trivst med å arbeide med barn og unge.
Me tilbyr
- Ein arbeidskvardag med mening
- Moglegheit for å kombinere fysisk undervisning med nettbasert undervisning (aktuelt for de som bur langt unna)
- Eit godt fagmiljø i ein liten, men aktiv Kulturskule
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjå meir om kulturskulen sine aktivitetar her:
https://www.vik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule-2/
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan musikk/pedagogikk er ønskjeleg
- Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med undervisning, både individuelt og i grupper
- Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Vi oppmodar både nyutdanna og erfarne søkjarar til å søkje.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463495613
- Sist endret



