Psykolog
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ BUP Åsane, Helse Bergen HF
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge - BUP Åsane er det ledig vikariat som psykolog. Vikariatet er ledig frå 14.09.2026 til 09.04.2028.
BUP Åsane er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane. Bup Åsane har tyngdepunkt ift spiseforstyrringar.
BUP Åsane held til sentralt i Åsane og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 12 000 barn/unge i opptaksområde som består av bydelan Åsane/Arna og Osterøy kommune. Poliklinikken har ca 24 fagstillingar (8 spesialistar) med ulik fagleg bakgrunn som er delt inn i to team.
Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og unge
- Samarbeid med føresette og relevante instansar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Ønskeleg med spesialist i barne- og ungdomspsykologi
- Det vil bli lagt stor vekt på tidlegare erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hos barn og unge i spesialisthelsetenesta
- Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS) er ein fordel
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
BUP Åsane vil vurdere andre fagpersonar som har vidareutdanning i familieterapi til stillinga dersom vi ikkje får søkarar frå psykologspesialistar
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kommunisere på ein tydeleg måte
- Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sture Larsen, Seksjonsleiar, 41338979Arbeidsstad
Heiane 4B5131 Nyborg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5129472124
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.09.2026
Sluttdato: 09.04.2028
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463457948
- Sist endret

