MST-terapeut
Bufetat
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
MST Bergen har ledig inntil to faste stillingar og eit årsvikariat som MST-terapeut
Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for ungdom og familiar, kan MST-terapeut vere noko for deg. Vi søker fortrinnsvis psykolog/psykologspesialist, men kandidatar med helse- og sosialfagleg bakgrunn og relevant klinisk vidareutdanning, kan og søkje.
Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest. NUBU ( Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) leiar implementering av MST i Noreg og vil delta aktivt i tilsetjingsprosessen.
Bufetat har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er ein evidensbasert metode, utvikla i USA. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skole med foreldre og ungdom, og er eit alternativ til institusjonsbehandling. Kvar terapeut jobbar med 3-5 familiar om gongen, med gjennomsnittleg behandlingstid på 4 månader. I løpet av ei uke har du fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt ungdommane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv. Møtene blir lagt til tider som passar for familiane, og vil derfor kunne foregår på ettermiddag/kveld. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og styres av kva som skjer i behandlingane. Eit MST-team består av tre-fire terapeutar og ein avdelingsleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet. MST-teamet er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Vakttelefon vil rullere mellom terapeutane. Tilgjengelegheit i rolla som terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert, i tillegg til ekstra fridagar.
Arbeidsoppgåver
Terapeutisk arbeid etter MST sine behandlingsprinsipp og analyseprosess.
Koordinera det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og støtte familiane i å samarbeide nært med blant anna skule, PPT, barnevern, politi og psykisk helsevern.
Delta i vekentleg rettleiing og konsultasjon, samt jamleg opplæring.
Utføre MST sine kvalitetssikringsrutinar.
Drive informasjonsarbeid om MST.
Kva bakgrunn har du?
Fortrinnsvis profesjonsstudiet i psykologi. Kandidatar med mastergrad/hovedfag i helse- og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning, eller bachelor i helse-og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning kan også søkje.
Grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, det vil sei system/familieteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi eller kognitiv terapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar er svært ønskjeleg.
Relevante IKT-kunnskapar.
Førarkort for bil klasse B. Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Det er svært ønskjeleg at du kan disponera eigen bil i tenesta, mot kilometergodtgjering.
Det er intensjon om tilsetjing frå 24.08.26, og det er ein føresetnad at kandidaten kan delta på opplæringsdagar i Oslo 17.-18.09.26.
Personlege eigenskapar
Er ansvarsbevisst.
Er resultatorientert og har gjennomføringsevne.
Har ønskje om og evne til å arbeide systematisk, målretta og fleksibelt.
Har svært gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar.
Kan arbeida sjølvstendig.
Personlege eigenskapar vil vektleggjast høgt.
Kva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690 000-750 000 pr år, kode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000-930 000 pr. år eller kode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 750 000 - 850 000 pr år.
Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 650 000- 730 000 pr år.
Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Det forventast høg grad av tilgjengelighet, noko som bli godt kompensert i eigen MST særavtale. For at behandlinga skal være tilgjengeleg for familien 24/7 er ein av MST-terapeutane tilgjengeleg for alle behandlingane i teamet pr uke etter turnus. Her blir det også gitt lønnskompensasjon.
Løyve til å trene ein time pr. uke i arbeidstida.
Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer.
Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv.
Vi tilbyr grundig opplæring i metoden i form av et 12-modulers e-læringskurs (på engelsk) i samarbeid med veileder og et to-dagers kurs i ferdighetstrening i regi av NUBU. Dette er en forutsetning for å kunne starte som MST-terapeut.
I tillegg til og grunnopplæring tilbyr vi faglege boostere kvert kvartal.
Opplysningar til deg som søkjar
Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
Stillinga er for tida lagd til MST Bergen.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- E-læring
- Familieterapi
- Helsevitenskap
- Klinisk psykologi
- Kognitiv adferdsterapi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Psykolog, Sosionom
Nøkkelord
multisystemisk terapi, terapeutisk arbeid, familieterapi, psykologspesialist, psykolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461861278
- Sist endret

