Medforskar/Erfaringskonsulent
Helse Bergen HF
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Medforskar/Erfaringskonsulent
Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus, har no ledig 20% engasjement som medforskar/erfaringskonsulent knytt til forskingsprosjektet KIT. Samla stillingsperiode er 3 år.
Om KIT-studien
KIT – The Key to Integrated Trauma treatment in psychosis (nøkkelen til Integrert Traumebehandling ved psykose) er ei behandlingsstudie som undersøker effekten av traumebehandling som eit tillegg til standard behandling. I studien får menneske som har psykose og er plaga av tidlegare traume (slik som barndomstraume, mobbing, traume knytt til psykoseopplevingar og helsehjelp) evidensbasert behandling for traume og blir kartlagd over tid for å undersøke om behandlinga har ønskt effekt også innan psykose.
Prosjektet har fått pengar frå Helse Vest, Helse Nord og DAM-stiftelsen og skal samle data i Bergen, Oslo, Stavanger, Haugesund, Voss, Tromsø, Helgeland og Trondheim. I tillegg er det planlagt ein kvalitativ undersøking av korleis pasientar og terapeutar opplever behandlinga. Du vil som medforskar/erfaringskonsulent inngå i nasjonalt forskingsmiljø med fokus på å få fram god behandling og pasientanes perspektiv. Her vil du kunne få ein viktig rolle. Du vil også kunne få ei sentral rolle knytta til desse intervjua.
Arbeidsoppgåver
Erfaringskonsulenten skal bidra inn mot:
- Prosjektgruppemøte kvar veke.
- Intervju knytta til kvalitativt prosjekt
- Å gjere prosjektet kjent i prosjektperioden
- Å spreie kunnskap om resultata som prosjektet produserer
- Å styrke pasientperspektivet i gjennomføringa av prosjektet
Kvalifikasjonar
- Erfaring med psykisk helsevern
- Erfaring med psykose og/eller traumebehandling
- Interesse for forsking og forbetring av tenestene innan psykisk helsevern
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Deltaking i eit nasjonalt og internasjonalt forskingsmiljø innan psykisk helse
- Eit spennande og aktivt arbeidsmiljø med hyggelege medarbeidarar
- Eit breitt erfaringskompetansemiljø organisert i PEK (Psykoseforsking med erfaringskompetanse)
- Løn etter nærare avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre helserelatert forskning
- Gjennomføre kvalitative undersøkelser
- Norsk
- Psykotraumeterapi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Annet, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
brukermedvirkning, forskning, psykose, traume, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462373904
- Sist endret



