Psykologspesialist
Helse Bergen HF
- Frist 17.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist til FACT allmenn-team
Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.
Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar – ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta.
FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i utviklinga av teamet sin faglege profil, behandlingsfilosofi og arbeidsmåtar i tråd med prosjektbeskriving og FACT-modellen
- Ha psykologfagleg spesialistansvar for pasientar i teamet, inkludert utgreiing, diagnostisering, behandlingsplanlegging og behandling
- Utføre både poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid for vaksne med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov
- Delta i tett tverrfagleg samarbeid i FACT allmenn-teamet, med felles ansvar for oppfølging, evaluering og justering av tiltak
- Bidra med rettleiing, undervisning og fagleg støtte til samarbeidspartnarar i det lokale hjelpeapparatet, samt delta i nettverks- og samhandlingsarbeid
- Samhandle tett med kommunale tenester og andre delar av spesialisthelsetenesta for å sikre heilskaplege og koordinerte pasientforløp
- Medverke i rettleiing av studentar og psykologar/legar i spesialisering, som ein del av universitetssjukehuset sitt utdanningsansvar
- Samarbeide breitt med andre delar av behandlingsapparatet, både internt og eksternt, inkludert pårørande og instansar som NAV, skule og arbeidsgivar
Kvalifikasjonar
- Psykolog med norsk autorisasjon
- Spesialisering i klinisk psykologi er ønskjeleg, men psykologar utan spesialisering kan òg søkje
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri og/eller rusfeltet, og frå arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta
- Erfaring med allmennpsykiatrisk og poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
- Erfaring med akuttarbeid, krisehandtering og arbeid med komplekse problemstillingar er ønskjeleg
- God evne til å arbeide sjølvstendig og i tett tverrfagleg samarbeid
- Førarkort klasse B er ein føresetnad
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
For psykologar utan spesialisering vil det kunna leggjast til rette for vidare fagleg utvikling og gjennomføring av spesialisering i tråd med gjeldande ordninga
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, initiativrik og fagleg engasjert, og ønskjer å arbeide tett på pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov
- Du er løysingsorientert og handterer krevjande og uoversiktlege situasjonar med tryggleik, ro og ein reflektert fagleg tilnærming
- Du har evne og motivasjon til både å ta imot og gje konstruktive tilbakemeldingar, til dømes gjennom kollegarettleiing og faglege drøftingar
- Du har gode evner til kontaktetablering, er tolmodig og jobbar målretta, strukturert og med respekt for pasienten sitt tempo
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø, og viser omsorg både for deg sjølv og for kollegaer
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst i dialog med ulike faggrupper og samarbeidspartnarar
- Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team – og likar ein variert, dynamisk arbeidshverdag slik FACT-modellen legg opp til
- Du delar verdiane våre om openheit, respekt og fagleg nysgjerrigheit, og ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt, særleg evna til å handtere høgt tempo og endring, og til å tilpasse arbeidsform og oppfølging til pasientane sine behov over tid
Vi tilbyr
- Eit spennande og engasjerande arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar og sterk vilje til utvikling
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling, mellom anna gjennom rettleiing, kompetanseheving og deltaking i faglege fellesskap
- Ein unik moglegheit til å vere med og forme eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod i vår region
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, med tilgang på verktøy, støtte og struktur som gjer det mogleg å stå i kompleksiteten over tid
- Tett tverrfagleg samarbeid prega av open dialog, fagleg refleksjon og felles ansvar for kvalitet i behandlinga
- Ein arbeidsplass med tydeleg fokus på kvalitet, tryggleik og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Klinisk psykologi
- Norsk
- Psykiatri
- Psykiatrisk pleie og omsorg
- Somatiske poliklinikker
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykiatri, Psykologspesialist, FACT allmenn-team, FACT, Kronstad DPS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460001261
- Sist endret



