Lærar - 100% fast stilling- Eikanger skule
Alver kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ved Eikanger skule har me ledig ein 100 % fast stilling som lærar f.o.m. 01.08.26, eller etter avtale.
Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar plassert på Eikangervåg, berre 13 minutt frå Knarvik. Skulen ligg flott plassert langs Osterfjorden med god tilgang til skog, fjell og sjø. Sidan 2013 har Eikanger skule vore sertifisert som «Dysleksivenleg skule». Ved skulen er det lagt vekt på å skape eit inkluderande og støttande læringsmiljø for alle elevar.
Eit av dei viktigaste satsingsområda det siste året har vore innan språk, lesing og skriving. Skuleåret 2025-2026 har vi delteke på desentralisert ordning for kompetanseutvikling (dekomp), og hatt i eit samarbeid med Nasjonalt Lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Språk, lesing og skriving er eit område vi vil jobbe vidare med det komande året gjennom samarbeid og erfaringsdeling i profesjonsfelleskapet.
Les meir om skulen her
Arbeidsoppgåver
- arbeide i tråd med kommunen og skulen sine satsingar og retningslinjer
- planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
- systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
- aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
- følgje opp elever med vedtak om individuell tilrettelagt opplæring
- samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
- skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte
- oppfølging av elevar for å sikre god fagleg og sosial utvikling, og eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- skule-heim samarbeid
- kontaktlæraransvar kan verte aktuelt
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet etter opplæringslova § 17-3 og § 17-4
- Utdanning som gjev undervisningskompetanse i 1.-7. trinn. Grunnskulelærarar med denne kompetansen vert prioritert
- God kompetanse i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring og begynnaropplæring
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Autoritativ klasseleiar som evnar å byggje gode relasjonar til elevar og føresette
- Gode faglege og didaktiske kunnskapar
- Erfaring frå undervisning og kontaktlærarerfaring er ønskeleg
- I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
- Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
- Rettleiing for nyutdanna lærarar dei to første yrkesåra
- Samarbeid med skulen sitt ressursteam
- Moglegheit for kompetanseutvikling, etter - og vidareutdanning
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463257581
- Sist endret
