Miljøterapeut, helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar.
Alver kommune
- Frist 19.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du å jobba natt eller helg i spanande nytt butilbod?
Vil du vere med og byggje eit heilt nytt tilbod - og gjere ein skilnad i overgangen til vaksenlivet?
Skrenten bu- og treningsbustad er eit nyetablert tilbod i Alver kommune. Her skal ungdom med nedsett funksjonsevne få ein trygg, forutsigbar og gradvis veg inn i vaksenlivet - med fokus på sjølvstende, meistring og livsferdigheiter i realistiske omgjevnader.
Skrenten ligg idyllisk til på Lindås, med leilegheiter og fellesareal som gjer det mogleg å kombinere individuell butrening med sosialt fellesskap. Vi jobbar tett på tenestemottakarane for å styrke ADL-ferdigheiter, sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK), fysisk og psykisk helse, samt bruk av velferdsteknologi. Målet er å fremje livskvalitet gjennom mest mogleg sjølvstende.
Hos oss får du ikkje «berre ein jobb» - du får vere med å skape ein trygg base der ungdom kan ta ekte steg mot eit meir sjølvstendig liv.
No ser vi etter fleire engasjerte medarbedare som vil vere med å forme, byggje og utvikle dette unike tilbodet frå start, og har ledig følgjande stillingar som miljøterapeut, helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar:
Helgestillingar:
- 22 % helgestilling - (arbeid: seinvakt fredag)
- 24 % helgestilling - (arbeid: seinvakt fredag)
Nattstillingar :
- 59 % våken nattstilling -
- 61 % våken nattstilling -
- 61 % våken nattstilling - av omsyn til tenestemottakar sitt behov krevst mannleg tilsett
( hugs å oppgi kva stilling du søkjer på )
Om avlastningstenesta
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. I tillegg til nyoppretta Skrenten bu- og treningsbustad har eininga avdelingane Kvasten og Røsvikrenen.
Arbeidsoppgåver
Som ansatt ved Skrenten bu- og treningsbustad vil du ha ei viktig rolle i å støtte ungdom med nedsett funksjonsevne i overgangen til vaksenlivet. Arbeidet er variert og inneber mellom anna:
- Målretta miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring, sjølvstende og tryggleik
- Sikre brukarmedverknad og samarbeide tett med føresette og fagteam
- Legemiddelhandtering: Oppgåver og ansvar knytt til istandgjering/utdeling vert tildelte etter opplæring og individuell vurdering av kompetanse og eignaheit, i tråd med gjeldande regelverk og interne rutinar.
- Utføring av vedtak etter kapittel 9 i helse- og omsorgslova
- Dokumentasjon og evaluering av tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
- Støtte ungdommen i aktivitetar og ADL-ferdigheitar som gjer dagen meiningsfull, som matlaging, økonomi, reinhald, transport og struktur i kvardagen
- Bidra til utvikling av sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK) og deltaking i fellesskap
- Skape og halde ved like trygge og stabile relasjonar
- Oppfølging av fysisk og psykisk helse
- Bidra til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø
Nattstillingane inneber i tillegg reinhaldsoppgåver, rapportering og administrativt arbeid ved behov.
Krav til kompetanse
Du må ha:
- Relevant 3-årig bachelor innan helse- og sosialfag, pedagogar kan verte vurdert med utdanning innafor spes.ped og erfaring innafor habilitering
- Fagbrev (helsefagarbeidar med autorisasjon og/eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev).
- Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
- Vilje og evne til å arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 (rettstryggleik ved bruk av tvang og makt), inkludert førebygging, dokumentasjon og gjennomføring av vedtak der dette er aktuelt.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Digital kompetanse: du må vere komfortabel med bruk av digitale verktøy, rapportering og dokumentasjon.
- Førarkort i klasse B
Det er ønskjeleg om du har:
- Interesse for og gjerne erfaring med habilitering og målretta miljøarbeid retta mot ungdom med samansette behov i overgang til vaksenlivet, med fokus på sjølvstende og meistring.
- Kjennskap til og gjerne erfaring med arbeid etter kapittel 9 (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering)
- Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), og evne til å tilpasse kommunikasjon til den enkelte brukar.
- Erfaring med brukarmedverknad, tverrfagleg samarbeid og god evne til å samarbeide med føresette og fagpersonar.
- Erfaring og tryggleik til å handtere uforutsette situasjonar og tilpasse seg individuelle behov.
- Menn oppfordras til å søkje
Kven er du?
Vi søkjer deg som har eit genuint engasjement for å støtte ungdom i å finne eigen styrke og ta steg mot eit meir sjølvstendig vaksenliv. Du:
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å byggje tillit over tid
- Ser potensialet i kvar ungdom og jobbar aktivt for å skape meistring, håp og motivasjon
- Er trygg i deg sjølv og handterer krevjande situasjonar med ro, klokskap og tydelegheit under press.
- Har gode kommunikasjonsevner og er merksam på både små og store augeblinkar som byggjer relasjon og utvikling
- Er tolmodig, støttande og uthaldande, og forstår at utvikling tek tid
- Er initiativrik, ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Er endringsvillig og positiv.
- Kan reflektere etisk og fagleg rundt komplekse val og balansegangen mellom støtte og sjølvstende
- Trivst med både samarbeid i team og sjølvstendig ansvar i kvardagen
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Dette er ei sjeldan moglegheit for deg som trivst med utviklingsarbeid og ønskjer å vere med og setje retning frå dag éin.
Hos oss får du:
- Ein meiningsfull jobb der du får vere med å etablere, forme og utvikle eit tilbod som gjer ein forskjell i liva til mange.
- Faglege utfordringar i eit miljø som vektlegg kvalitet, etikk og utvikling
- Moglegheit for kompetanseheving og fagleg vekst
- Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- God pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Dataanalyse og rapportering
- Oppbevaring av medisiner
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Skrenten 64, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Spesialpedagog, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462870352
- Sist endret
