Kulturhusmedarbeidar
Stryn Kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stryn kulturhus er lokalisert i Stryn sentrum og er ein sentral møtestad for kultur og fritidsaktivitetar i Stryn kommune. Kulturhuset har kino, kultursal og ein symjehall. Den daglege drifta handlar hovudsakleg om konferanse og utleige av møterom, kinoforestillingar og kulturarrangement, samt diverse kiosk og kaffibardrift.
Utlysinga gjeld deltidsstilling på ca.20% som vil inngå i turnusplan på kulturhuset med arbeid på kveld og helg. Næraste overordna er leiar av kulturhuset. Kulturhuset høyrer til under kulturavdelinga i etat for samfunnsutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for klargjering av kultursal, foajé og møterom i kulturhuset
- Billettsal
- Kaffibar og kiosksal
- Klargjering og køyring av kino
- Ellers anna nødvendig arbeid knytt til drift av kulturhuset
Vi oppfordrar deg som fattar interesse for stillinga om å ta kontakt med kulturhusleiar for nærare informasjon om stillinga og arbeidsplan.
Kvalifikasjonar
- God data og IKT-kompetanse
- Erfaring og/eller fagbrev frå servicebransjen er ein fordel men ikkje eit krav.
- God norskkunnskap, både skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
- Har evne til å skape gode relasjonar
- Positiv og serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Variert arbeid i eit positivt miljø- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Kåre Bruvoll Alme , kulturhusleiar, 94277853Arbeidsstad
Perhusvegen 336783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5124672670
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462647330
- Sist endret


