Driftskoordinator
Firda Billag Buss AS
- Frist 17.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Best under press? Vi treng ein driftskoordinator som trivst med høgt tempo og er god på å løyse problem.
Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert driftskoordinator til vårt kontor i Stryn. Blomstrar du når tempoet aukar og uforutsette utfordringar oppstår?
Som driftskoordinator vil du bli viktig del av Firda Billag Buss si dagleg trafikkstyring i Stryn og Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service.
Arbeidsoppgåver:
• Ansvar for tilrettelagt skuleskyss, oppfølging og kontaktpunkt mot undertransportørar og Skyss.
• Ansvar for bestillingstransport, oppfølging av system, fakturering og transportørar.
• Følge opp køyre- og kviletidsrapportar.
• Delta i trafikkstyring og dagleg drift.
• Delta i vaktordning.
• Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga.
Vi ser etter deg som:
• Gjerne har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav.
• Er serviceinnstilt og løysingsorientert.
• Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team.
• Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.
• Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. Visma, Office, andre logistikksystem).
Er dette nesten deg, men ikkje heilt? Søk likevel og fortel oss om kva du kan bidra med i Firda Billag Buss!
Stillinga er i utgangspunktet ei 100% stilling, men kan tilpassast om rett kandidat ynskjer ein lågare stillingsprosent.
Arbeidsstad:
Firda Billag Buss AS - Hegrevegen, Stryn
FerdigheterAI-generert
- Booking av transport
- Fakturering
- Ledelse av logistikk
- Microsoft Office
- Trafikkstyring
- Transportledelse
- Visma
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Firda Billag Buss er ein av dei mest tradisjonsrike og framtidsretta transportaktørane i Vestland. Med røter som strekkjer seg over 100 år tilbake, og eit sterkt engasjement for tryggleik, kvalitet og gode reiseopplevingar, er vi eit selskap som både tek vare på historia og driv utviklinga vidare. Hos oss møter du eit fagmiljø som står støtt, eit arbeidsmiljø som løftar kvarandre, og ein organisasjon som set menneska – både tilsette og passasjerar – først.
Vi er opptatt av å levere tenester av høg kvalitet, og har fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Vil du vere med å bidra?
- Sektor: Privat
- Sted: Hegrevegen, 6783 Stryn
- Bransje: Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Transport og sjåfør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461880788
- Sist endret


