Fagrådgjevar / seljar
Ottadalen Mølle SA
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagrådgjevar / seljar – storfe og småfe Vestlandet
Er du interessert i norsk landbruk, glad i folk og utviklingsorientert?
Ottadalen Mølle SA søkjer ein engasjert og fagleg sterk fagrådgjevar / seljar
Vi ser etter deg som har interesse for husdyrproduksjon og som ynskjer å vera ein viktig samarbeidspartner for kundane våre i regionen.
Arbeidsstad er Sunnfjord, Nordfjord og søre Sunnmøre.
I stillinga vil du få ansvar for eigen kundeportefølje som du skal vedlikehalde og vidareutvikle gjennom aktiv kundekontakt.
Stillinga omfattar òg oppsøkjande virksomheit hjå nye kundar.
Ottadalen Mølle SA er opptekne av å finne dei beste løysningane saman med bonden.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving innan kraftfôr og fôrstrategi til bønder
- Oppfølging og utvikling av eksisterande kundeportefølje
- Sal og marknadsføring av Ottadalen Mølle SA sine produkt
- Planleggjing og gjennomføring av kundemøte og faglege samlingar
- Samarbeid med andre fagmiljø og produksjon
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan landbruk, husdyrfag eller tilsvarande
- Erfaring frå landbruk eller rådgjeving er ein fordel
- God forståing for foring og husdyrproduksjon
- Gode muntlege og skriftlege norskkunnskaper
- Førarkort klasse B
Personlege kvallifikasjonar
- Du er utadvendt og engasjert
- Du er ein relasjonsbyggjar med evne til å skape tillit
- Du kommuniserar godt med både kundar og kollegaer
- Du er løysningsorientert og evnar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- Du trivst i høgt tempo og har kremmarånd
Ottadalen Mølle SA tilbyr
- Sjølvstendig og fleksibel stilling
- Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Bilordning
- Ordna arbeidsforhold og løn etter avtale
- 100 % fast stilling
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Arne Bjørgen
Tlf 940 37900
arne@ottadalen.norgesfor.no
Søknad sendast til Ottadalen Mølle SA v/Arne, Bergomsvegen 49, 2686 Lom, eller som epost til arne@ottadalen.norgesfor.no
Søknadsfrist 31. mai
Ferdigheter
- Dyreernæring
- Forske på husdyrproduksjon
- Gårdsarbeid
- Husdyrhold/dyreavl/produksjon av animalske produkter
- Landbruksrådgivning
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Ottadalen Mølle SA er ei lokalt forankra bedrift i Ottadalen som driv med produksjon av kraftfôr og sal av driftsmidlar til landbruket. I Lom ligg produksjon, butikk og administrasjon, og mølla har avdelingar i Vågå, Lesja, Skjåk, Stryn, Ørsta og Sogndal. Mølla produserer om lag 33000 tonn kraftfôr årleg og har ein omsetnad på ca 285 mill. Vi er i dag omlag 40 tilsette. Vi er medlem av Norgesforkjeda som er ei samanslutning av lokale bygdemøller.
- Sektor: Privat
- Sted: 6783 Stryn
- Bransje: Dyr og dyrehelse, Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagrådgjevar, seljar, storfe, småfe
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462736136
- Sist endret
