Rådgjevar
Kinn Nav, Kinn kommune
- Frist 19.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Blir du motivert av å arbeide med menneske og ønskjer å bidra til at fleire får betre levekår og meistring i eige liv? Har du tru på at alle, uansett livssituasjon, har ressursar å byggje vidare på? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du arbeider tett med brukarane og bidreg til heilskapleg oppfølging gjennom dei sosiale tenestene i Nav.
Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling og vi har ledig vikariat til kontoret vårt i Florø, i avdeling brukarsenter.
Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring og kartlegging er sentrale arbeidsoppgåver, der ein har fokus på barneperspektivet, ungdomsgarantien og kvalifiseringsprogram.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad.
- Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester.
- Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning.
- Oppfølging med fokus på barneperspektivet.
- Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid.
- Økonomisk rådgjeving.
- Oppgåver i publikumsmottak.
- Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov.
- Du kan få tildelt arbeidsoppgåver som koordinator i Individuell plan.
NAV Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring.
- Erfaring og trives med forvaltningsarbeid.
- Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståelse.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Gode IKT-ferdigheiter og evne til å setje deg raskt inn i nye system og digitale arbeidsverktøy.
- Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og lovverk.
- Ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg - og arbeidsretta oppfølging.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Personlege eigenskapar
- Du er systematisk og strukturert, og arbeider sjølvstendig med eigne saker.
- Du handterer ein variert og tidvis hektisk arbeidshverdag på ein trygg og stabil måte.
- Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon.
- Tenkjar heilskapleg rundt brukars situasjon.
- Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar.
- Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar.
- Du er nysgjerrig, endringsvillig og open for nye måtar å jobbe på i ein organisasjon i utvikling.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde.
- Godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer.
- Relevant opplæring og gode høve til utvikling.
- Fleksitidsordning.
- Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP(2% pensjonstrekk).
Kontaktinformasjon
Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, ina.trengereid@nav.noArbeidsstad
Hans Blomgate 396900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5123722891
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462636401
- Sist endret

