Ledig vikariat som rektor og lærar
Fresvik Enspire Skule As
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar til stillinga som vikarierande rektor. Som rektor vil du ha det overordna ansvaret for den pedagogiske og administrative drifta ved skulen, samt bidra til å vidareutvikle eit inkluderande og trygt læringmiljø.
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein leiar som er oppteken av elevane si læring og trivsel, og som evnar å motivere og sjå dei tilsette på ein god måte. Du har gode samarbeidsevnar og kommuniserer tydeleg med elevar, føresette og tilsette. Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet.
Kvalifikasjonar
· Grunnskulelærar/allmennlærar eller studiepoeng innan spesialpedagogikk
· Eventuelt studiepoeng i andre fag
· Pedagogisk utdanning
· Leiarutdanning eller tidlegare erfaring med leiing
· Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vitnemål og attestar kan visast fram ved eventuelt intervju. Ny politiattest må leggjast fram før ein startar opp i stillinga. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på 1 månad.
Arbeidsoppgaver
Stillinga er todelt og består av 40% stilling som rektor og 60% stilling som lærar.
· Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet ved skulen
· Personalansvar og oppfølging av dei tilsette
· Bidra til godt samarbeid mellom skule og heim
· Sikre god drift i tråd med gjeldande lover og forskrifter
· Undervisning i fleire fag på grunnskule (1.-7.klasse)
Vi tilbyr
· Ei spennande og utfordrande leiarrolle
· Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
· Moglegheit for å påverke utviklinga ved skulen
· Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
· Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse
· Hjelp til å skaffa bustad viss det er ønskjeleg
· Eigen lokal tariffavtale mellom Virke og Utdanningsforbundet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461771358
- Sist endret


