Kokk med fagbrev
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 17.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Kokk med fagbrev
Kjøkken og Kantine ved Ålesund Sjukehus søker engasjert og dyktig kokk som ønsker å jobbe i eit variert og fagleg sterkt miljø. Vi søker kokk med fagbrev i 100 % fast stilling i turnus med arbeid kvar tredje helg!
Seksjonen har 28 tilsette, der 14 har fagbrev som kokk. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet og brukar hovedsakleg kok-server som produksjonsmetode. Dei fleste produkta blir laga frå grunnen av og opplæring vil bli gitt.
Ønsker du ein variert kvardag med ulike menyar, catering, møtemat, kafe arbeid og rotasjon i arbeidsoppgåver så er dette ein jobb for deg. Produksjon 365 dager i året, mellom kl 0700 og 1600.
Oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm- og kaldmat, catering, diettrettar, baking og dessertar
- Produksjon av spesialdiettar etter ernæringsbehov
- Kok-server produksjon
- Rullering mellom Kjøkken og Kafe
- Betjening av kasse
- Generelt reinhald og oppfølging av hygienekrav
- Varemottak og vareplukking
- Bruk av IKT-verktøy og kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring fra Kasse betjening
- Gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du bidreg til eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø
- Du er strukturert og kvalitetsbevisst
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
FerdigheterAI-generert
- Bake varer
- Betjene kasse
- Catering
- Norsk
- Produksjon av kostholdsmat
- Rengjøring
- Restaurant (matlaging)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kokk, Kantine, Storkjøkken, Kafe, Catering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458020012
- Sist endret

