Fengselsførstebetjent / Rådgjevar tenestekontor
Bergen fengsel
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer tilsett ved tenestekontor / HR-seksjon i 100% vikariat ut august 2027.
Tenestekontoret har ei sentral rolle i å balansere krava til bemanning, medarbeidarane sine behov og fengselet sin økonomi. På tenestekontoret vil ein jobbe saman med to andre, samt inngå i HR-seksjonen på administrasjonsavdelinga. Hovudarbeidsoppgåva er bemanningsplanlegging på kort og lang sikt.
Ein fengselsførstebetjent med ansvar for bemanning skal ha evne til systematisk ressursstyring og bemanningsplanlegging.
Ein rådgjevar skal utføre sjølvstendig saksbehandling, rådgiving og fagutvikling innanfor eit fagområde, evne til å setje seg rakst inn i problemstillingar, gjerne grundige faglege vurderingar, formidle faglege problemstillingar, målsetningar og resultat på ein god måte.
Oppstart snarleg.
Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts
Arbeidsoppgåver
- føring av tenesteoppsett i GAT
- planleggje uttak og oppdekking av vakter
- disponering av avløysarar og vikarar
- saksbehandling
- vere til støtte og bistand for linjeleiarane
- vere ein ressursperson for leiinga i turnusspørsmål, tilsettingar, analysearbeid og liknande
- ansvar for føring og overføring av lønnsdata mellom ressursstyringssytemet GAT og personalsystemet SAP
- bidra innan for HR og lønn
den som vert tilsett, må rekne med endringar i arbeids. og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanninga frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant Høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå og 3 års erfaring.
- interesse og forståing for IT
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har
- efaring frå turnusarbeid
- kompetanse frå arbeid med GAT og DFØ (SAP)
- kjennskap til arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.
- Excell-kunnskap på høgt nivå
personlege eigenskapar
- gode kommunkasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenke heilskapleg
- stor arbeidskapaistet og god gjennomføringsevne
- må kunne trivast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø med mange ballar i lufta
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Staten pensjonskasse
- arbeidsuke mandag til fredag på dagtid med fleksibel arbeidstidsordning
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
Stillinga er løna som 0265 fengselsførstebetjent kr. 615 000 - 750 000,- eller 1434 rådgjevar kr. 580 000 - 800 000,-, avhengig av ansiennitet og kompetanse.
frå lønna vert det trekt 2% medlemsinnskott til Statens Pensjonskasse
Generell informasjon
Generell informasjon Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.
Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden. Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Administrasjonssjef Eirill Shin Nordvik Indrebø eirill.indrebo@kriminalomsorg.no| T: 95112964
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
FerdigheterAI-generert
- Administrere lønn
- Administrere ressurser
- Effektiv ressursbruk
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Kunnskap innen arbeidsrett
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.- Sektor: Offentlig
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452545150
- Sist endret



