
Avdelingsleiar
Bufetat
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Eining for Spesialiserte fosterheimar i Region vest, avdeling Vestland har ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar.
Eining for Spesialiserte fosterheimar i region vest, har to avdelingar, ein i Rogaland og ein i Vestland.
Avdelingsleiaren er ein del av eininga sitt leiarteam og blir ein viktig bidragsytar i forhold til den faglege utviklinga i eininga.
Det er ei leiarrolle for deg som motiveras av ansvar, relasjonar og resultatar - og som evnar å omsetje verdiar til handling.
Stillinga inneber at du både må ha leiarerfaring, barnevernfagleg eller helse- og sosialfagleg kompetanse samt erfaring frå barnevernsarbeid og fosterheimsarbeid.. Vi har behov for deg som har engasjement, og er opptatt av å vere del av ein organisasjon som skal utvikle best mogeleg tenestar i tråd med til ei kvar tid gjeldande faglege føringar.
Spesialiserte fosterheimar skal gje tilbod til ungdom fra 13-18 år som ikkje kan ivaretakast i ein kommunal fosterheim med styrking, og at det er vurdert at ungdommen bedre kan nyttiggjere seg i eit familiebasert tiltak enn institusjon.
Arbeidsoppgaver
Dagleg ansvar for drift i avdelinga.
Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll og økonomi/budsjettoppfølging.
Leie, motivere og følgje opp dei tilsette.
Sikre at avdelinga vert drifta innafor dei faglege- og økonomiske rammene.
Følgje opp administrative føringar og rapportere i tråd med dette.
Sikre eit godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
Sikre godt samarbeid internt og eksternt.
Avdelingsleiar må pårekne å ta del i det faglege arbeidet ved avdelinga.
Følgje opp oppdragstakere i rekrutteringsprosessar og kontraktsforløp.
Vere med i vurderingar i samband med inntaksarbeid og rekruttering av familiar.
Delta i eininga si leiargruppe.
Delta i eininga si faggruppe.
Avdelingsleiar rapporterar til einingsleiar.
Kvalifikasjoner
Krav til stillinga:
Utdanning på bachelor- eller masternivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
Relevant leiarerfaring, gjerne innan offentleg sektor og fosterheimsarbeid.
Erfaring/praksis fra arbeid med ungdom i fosterheim og/eller institusjon eller tilsvarande relevant erfaring.
Erfaring med endring- og utviklingsarbeid.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode digitale ferdigheitar og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
Det er ønskjeleg med:
Relevant videreutdanning tilsvarande 60 studiepoeng eller master.
Leiarerfaring frå barnevernsfeltet.
Kjennskap til utviklings og behandlingsmetodar for målgruppa.
Erfaring med personaloppfølging.
Erfaring frå kommunalt barnevern.
Førarkort for bil.
Personlige egenskaper
Du er ein trygg og tydeleg leiar som vågar å utfordre og evnar å gjennomføre.
Du evnar å jobba strategisk, utviklings- og resultatorientert.
Du er åpen for innspel, gjer handlingsrom og er god til å sjå, utvikle og motivera den enkelte medarbeidar.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar.
Du evner å arbeida sjølvstendig og strukturert og vere aktiv i utvikling av eininga.
Du evnar å samarbeide på tvers, internt og eksternt.
Du er framoverlent i høve til utvikling av beste praksis.
Du er fleksibel i høve til arbeidsoppgåver, både faglege og administrative.
Du evnar å ta beslutningar i komplekse sakar.
Du er komfortabel med utfordringar og varierande arbeidsoppgåver.
For oss er det svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli teke med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 700 000 - 810 000 pr. år.
Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod.
Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
Godt tverrfagleg miljø.
Informasjon til deg som søker:
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Stillinga er for tida lagt til Spesialiserte fosterhjem i Region vest, avdeling Vestland
Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Kvalitetsstyring
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Institiusjon, Fosterhjem, Ungdom, leiarerfaring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451624462
- Sist endret

