
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Bufetat
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Vil du jobba med å gje barn og unge og deira familiar hjelp i ein vanskeleg livssituasjon, og bidra til å gje dei en trygg og god oppvekst?
Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
Vi har ledig 3 midlertidige 100 % stillingar med varigheit frå 01.05.2026 til 30.06.2027. Det er moglegheit for forlenging.
Eining for inntak skal formidla ulike barneverntiltak til kommunane i regionen til barn og unge i ein sårbar livssituasjon. Arbeidsoppgåver favnar frå råd og rettleiing, kartlegging, tiltaksvalg, oppfølging av barn og unge i tiltak og heldøgns akuttarbeid. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonalt inntak for rus og atferdsplasseringar (NABE). Eininga har to avdelingar, i Vestland og i Stavanger. Avdelinga i Vestland har pr i dag 21 tilsette.
Stillingane inneheld noko reiseverksemnd innan både eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig.
Arbeidsoppgåver
Hva vil arbeidsdagen din bestå av?
- Ved førespurnad frå kommunen skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, både i akutte saker og i saker med behov for mer langvarige plasseringsløysingar.
- Du skal ta i mot og saksbehandle ulike tilvisingar frå kommunen.
- Du skal gjere faglege og forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen si tilvising.
- Du skal dokumentera alle delar av arbeidet.
- Du skal sikra oppfølging av plasseringar i barneverntiltak.
- Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og instansar.
- Du kan bli ein del av det statlege barnevernet si bakvaktsordning for akutt-tenester.
Kvalifikasjonar
Kva slags bakgrunn har du?
- Krav til treårig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
- Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, med ønskje om barnevernfagleg forvaltningspraksis.
- Krav om kompetanse om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
- Du må ha særs god skriftleg framstilligsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
- Ønskjeleg med vidareutdanning eller master innan barnevern/psykisk helse/ledelse.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
- Du er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
- Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeidar med høg grad av sjølvstende.
- Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
- Du er initiativrik og løysingsorientert.
- Du er ein lagspelar med gode samarbeidsevner.
- Du bidreg aktivt i kontinuerlege endrings- og forbetringsprosessar.
- Du har godt humør og skapar eit positivt arbeidsmiljø.
For oss er det og særs viktig korleis du som person eignar deg til stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 700 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000 - 750 000 pr. år. Avlønning og stillingskode vurderas etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vi kan også tilby:
- Fleksitid og moglegheit for sommartid (kl. 08.00-15.00) og vintertid (kl. 08.00-15.45).
- Kurs, kompetanseutvikling og moglegheit for vidareutdanning.
- Trening i arbeidstida med løn inntil 1 time pr. veke.
- Ein spennande og fagleg utviklande jobb, med eit særs viktig samfunnsoppdrag.
- Eit sterkt, godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som samarbeidar på tvers av team og avdelingar og som støttar kvarandre i arbeidskvardagen.
Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkjar
- Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjare, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko annet enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Eining for inntak, avdeling Vestland.
- Politiattest må fremleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg om ønskjet ditt ikke tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
FerdigheterAI-generert
- Akuttbehandling
- Dokumentasjon
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgiver, Seniorrådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450861621
- Sist endret


