Tannlege
Er du vår nye tannlege i Måløy?
- Frist 27.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vestland tannhelseteneste - Måløy tannklinikk har ledig ei fast 100% stilling som tannlege frå 01.04.26
Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Kinn kommune er omfatta av Lånekassen si ordning for sletting av studiegjeld. Etter gjeldande reglar kan inntil 25 000 kroner slettast per år for deg som bur og jobbar i kommunen. Ordninga blir administrert av Lånekassen, og gjeldande vilkår må kontrollerast der.
Med stillingen følger rekrutterings-tillegg på 50000 kr
I Måløy ventar naturopplevingar og friluftsliv med aktivitetar heile året. Her er nærleik til både hav, fjord og fjell. I nærmiljøet finnast kjende attraksjonar som Kannesteinen og Refviksanden, i tillegg til kyststiar og fyr langs Vågsøy. Området byr på varierte friluftslivs- og turmogelegheiter, fleire gode idretts- og fritidstilbod, samt treningssentre i Måløy. Det er om lag 45 min. til både skianlegg og surfestrand i Hoddevika.
Måløy har hurtigbåtforbindelse til Bergen med to daglige avganger. og er stoppestad for Hurtigruta. Næraste flyplass ligg om lag 1,5 timar unna. Byen er eit regionalt knutepunkt med eit framoverlent og variert næringsliv, særleg innan maritim næring, sjømat, teknologi og handel. Her er eit aktivt grundermiljø med fleire etablerte og nystarta verksemder.
Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Klinikken ligg sentralt i Måløy og har lyse og funksjonelle lokaler. Det er eit godt arbeidsmiljø med gode mogelegheiter for fagleg utvikling gjennom arbeid med pasientar i alle aldrar.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg 50000 kr årleg
Kontaktinformasjon
Sylvia Carlson, klinikkleiar (tannlege), Sylvia.Carlson@vlfk.noArbeidsstad
Gate 1 596700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5073930888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450452499
- Sist endret