Bioingeniør
Helse Førde
- Frist 24.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bioingeniør
Bli med på laget på LMBB – kombiner fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde får du jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde. Avdelinga bidrar døgnet rundt med analysar av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin.
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar).
- Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt.
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon.
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement.
- Fantastisk tilgang til naturen - toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra.
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi ser fram til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi.
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
- Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt.
- Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga.
- Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel.
- Gode IKT kunnskaper.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Jobbe strukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Biomekaniske Analytiske Metoder
- Blodbankvirksomhet
- Blodoverføring
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Hematologi
- Medisinsk biokjemi
- Norsk
- Samle inn prøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461840861
- Sist endret






